Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Digital kontaktinformasjon og fullmakter (KoFuVi)

Sist oppdatert: 9. april 2018 .

Det offentlege skal samhandle digitalt med alle verksemder.

For å sikre effektiv og sikker digital kommunikasjon, er forvaltinga avhengig av tilgang til digital kontaktinformasjon, som for eksempel varslingsadresser. Det er også nødvendig med fullmakter og autorisasjonar som fortel kven som kan opptre på vegner av nokon.

Denne informasjonen er viktig for å legge til rette for digital samhandling.

Våren 2015 gjennomførde Brønnøysundregistera, og ei rekke andre sentrale aktørar i forvaltinga, ein foranalyse initiert av Skate (Styring og koordinering av tenester i e-forvalting) om handtering av digital kontaktinformasjon og fullmakter. Foranalysen resulterte i prosjektet Digital kontaktinformasjon for fullmakter og verksemder, med arbeidstittel KoFuVi. Målet er å realisere ei fellesløysing for samling og tilgjengeleggjering av informasjon.

Tilgangen til digital kontaktinformasjon, fullmakter og autorisasjonar er ein føresetnad for sikker og effektiv digital kommunikasjon, både innetter i forvaltinga og mellom forvaltinga og private verksemder.

Realiseringa av prosjektet bidrar til å nå regjeringa sin overordna mål om at offentleg sektor skal samhandle digitalt med alle verksemder. Prosjektet skal vere fullført hausten 2018.

Les meir om KoFuVI på Forenklingsbloggen