Altinn

Sist oppdatert: 9. april 2018 .

Altinn er ei sentral drivkraft i digitaliseringa av det offentlige Noreg.

Altinn starta som ein ALTernativ INNrapporteringskanal for økonomiske data. I dag er Altinn ein plattform, ein organisasjon og eit samarbeid.

Altinn-plattformen er ein digital infrastruktur som varetar privatpersonar og verksemder sin digitale kommunikasjon med det offentlege. Tenestene er tilgjengelege for brukarane i portalen altinn.no, saman med generell informasjon om å starte og drive bedrift.

Altinn-organisasjonen er organisert som ei eiga eining ved Brønnøysundregistera. Han bistår offentleg sektor med å utnytte Altinn-plattformen til forenkling og effektivisering. Organisasjonen har ansvar for drift, vedlikehald og vidareutvikling av Altinn-plattformen. Vi forvaltar også avtaler med tenesteeigarar og leverandørar.

Altinn-samarbeidet består av alle verksemder som er tenesteeigarar i Altinn, per i dag over 40 ulike organar i statleg og kommunal sektor. Samarbeidet skal bidra til å samordne verksemda sine digitaliseringsbehov og realisere gevinstane av Altinn-investeringa. Dette blir formelt regulert i avtalene mellom forvaltningsorganisasjonen og den enkelte tenesteeigaren.

Altinn er spesielt utvikla for å legge til rette for å samordne digitale tenester på tvers av forvaltninga, slik at brukarane sin dialog med det offentlege kan skje enklare og raskare.