Registrer i Føretaksregisteret innan årsskiftet

Publisert: 6. september 2018 - oppdatert: 6. september 2018

Hugs å vere ute i god tid.

Elektroniske meldingar

Melding om vedtak om fisjon, fusjon, kapitalnedsetting eller avvikling må vere motteken hos Føretaksregisteret innan 20. oktober.

Gjennomføringsmelding og andre meldingar innsende elektronisk til Føretaksregisteret etter 12. desember kan vere vanskeleg å få registrert innan utgangen av året.

Jo tidlegare du sender inn meldinga, dess større er sjansen for at registreringa er gjord innan årsskiftet, seier underdirektør Øyvind Vågan ved Føretaksregisteret.

Nytt av året er at vi har heilelektronisk saksbehandling av einskilde gjennomføringsmeldingar. Sjå kva gjennomføringsmeldingar vi nå behandlar heilelektronisk.

Meldingar på papir

Må du likevel sende inn meldinga på papir, bør vi ha motteke vedtak om fusjon, fisjon, kapitalnedsetting eller avvikling innan 1. oktober.

Gjennomføringsmelding og andre meldingar på papirskjema som kjem til Føretaksregisteret etter 30. november kan vere vanskeleg å få registrert innan utgangen av 2018.