Registrer i Føretaksregisteret innan årsskiftet

Publisert: 5. september 2017

Enklare, raskare og billigare. Det meste kan du sende inn elektronisk. Nytt høvet!

Du kan sende inn nesten alle meldingar om registrering elektronisk. Då går registreringa raskast. Jo tidlegare du sender inn meldinga, dess større er sjansen for at registreringa er gjord innan årsskiftet, seier underdirektør Øyvind Vågan ved Føretaksregisteret.

Elektroniske meldingar

Elektronisk innsende meldingar har den kortaste saksbehandlingstida. Når du sender inn Samordna registermelding elektronisk via Altinn, får du raskare saksbehandling og enklare signeringskrav. Dette gjeld også meldingar om fusjon, fisjon, nedsetjing av aksjekapital og melding om avvikling.

Melding om vedtak om fisjon, fusjon, kapitalnedsetjing eller avvikling må vere motteken hos Føretaksregisteret innan 20. oktober.

Gjennomføringsmelding og andre meldingar innsende elektronisk til Føretaksregisteret etter 12. desember kan vere vanskeleg å få registrert innan utgangen av året.

Meldingar på papir

Må du likevel sende inn meldinga på papir, bør vi ha motteke vedtak om fusjon, fisjon, kapitalnedsetjing eller avvikling innan 1. oktober.

Gjennomføringsmelding og andre meldingar på papirskjema som kjem til Føretaksregisteret etter 30. november kan vere vanskeleg å få registrert innan utgangen av 2017.