Om Gjeldsordningsregisteret
Sist oppdatert: 30. november 2023.
Gjeldsordningsregisteret inneheld opplysningar om kven som har fått innvilga gjeldsforhandlingar og gjeldsordningar.
Gjeldsordningsregisteret blei oppretta i 1993, og inneheld opplysningar om kven som har fått innvilga gjeldsforhandlingar og gjeldsordningar. Gjeldsordningsregisteret innheld også opplysningar om kvar i saksbehandlingsprosessen ei sak ligg til kvar tid, kva namsmann eller tingrett som arbeider med saka og kva for fristar det blir arbeidd etter.
Ut frå gjeldsordningsloven skal personar med alvorlege gjeldsproblem ha ein sjanse til å få kontroll over økonomien sin. Ei sentral registrering av alle avtalane var ein føresetnad for at gjeldsordningssystemet kunne setjast i verk.
Effekten av loven og registeret er nok mykje større enn talet på registreringar skulle tilseie. Alt tyder på at kreditorane er meir innstilte på å kome fram til fleksible løysingar på eiga hand enn å gå inn i ein formalisert, tinglyst avtale som fører til større utgifter.
Opplysningane du kan få frå Gjeldsordningsregisteret er avgrensa, og du må kunne identifisere personen du spør etter med fødselsnummer. Kopi av gjeldsordningsavtale kan berre bli rekvirert av offentlege styresmakter og partane sjølve. Etter at ein gjeldsordningsperiode er avslutta, er de registrerte opplysningane berre tilgjengelege for namsstyresmaktene.