Søk


Velg språk



Om Frivilligregisteret

Sist oppdatert: 29. juli 2021.

Frivilligregisteret er eit register over organisasjonar som driv frivillig verksemd.

Det er gratis og valfritt å registrere seg, men andre kan stille krav til registrering for å få status som frivillig organisasjon og å kunne ta del i goda deira.

Hovudoppgåve

Frivilligregisteret skal forbetre og forenkle samhandlinga mellom frivillige organisasjonar og offentlege myndigheiter. Registeret skal sikre systematisk informasjon som kan styrke det rettslege grunnlaget til, og kunnskapen om, den frivillige aktiviteten, og legge til rette for den offentlege politikken ovanfor frivillig sektor.

Kven kan registrerast?

Det er berre organisasjonar som driv frivillig verksemd som kan registrerast i Frivilligregisteret.

Som frivillig verksemd reknast aktivitetar som ikkje er basert på forteneste. Dette er aktivitetar som blir drivne av:

  • ikkje-økonomiske (ideelle) foreiningar
  • alminnelege stiftelsar som ikkje deler ut midlar, eller som utelukkande deler ut til frivillig verksemd
  • næringsdrivande stiftelsar som utelukkande deler ut til frivillig verksemd
  • aksjeselskap som utelukkande deler ut til frivillig verksemd

Eksempel på aktivitetar som ikkje blir rekna som frivillig verksemd:

  • aktivitetar organisert av det offentlege
  • aktivitetar som er basert på samvirkeprinsipp, og som omfattast av samvirkelova

Kva blir informasjonen brukt til?

Foreiningar og organisasjonar som er registrert i Frivilligregisteret kan:

  • delta i Grasrotandelen, ei ordning som gjer det mogleg for spelarar hos Norsk Tipping å gi ein bestemt andel av innsatsbeløpet direkte til ein lokal frivillig organisasjon
  • momskompensasjon, det vil seie at dei kan søke om å få kompensasjon for mons dei har betalt ved kjøp av varer og tenester

Informasjonen blir brukt til statistikk og forsking.

Kven er brukarane av registeret?

  • offentlege og private aktørar som ønsker oversikt over verksemder som driv frivillig aktivitet, i samband med for eksempel sponsing, tilskot og liknande
  • Norsk Tipping som forvaltar Grasrotandelen
  • Lotteri- og stiftelsestilsynet som forvaltar MVA-kompensasjonen
  • alle som ønsker å sjå kven som er registrert i Frivilligregisteret. Søk i Frivilligregisteret.

Historia bak etableringa

Frivilligregisteret blei oppretta i 2009 etter initiativ frå dei frivillige organisasjonane. Med registrering av informasjon om den frivillige aktiviteten i Noreg, skulle samarbeidet mellom frivillige organisasjonar og offentlege myndigheiter forenklast og forbetrast. I regjeringa si Soria-Moria erklæring står det: «Det er viktig å redusera det administrative arbeidet i frivillige organisasjonar og frigjere meir tid til aktivitet.»