Slik registrerer du endringar for lag eller foreining

Sist oppdatert: 28. juni 2017.

Dersom du ønsker å gjere endringar på den informasjonen som er registrert på laget eller foreininga di, kan du gjere dette ved å sende inn Samordna registermelding i Altinn.

Korleis registrerer eg ny adresse?

Du registrerer ny adresse ved å sende inn Samordna registermelding.

Ny forretningsadresse/besøksadresse

Dette er gate- eller besøksadressa til foreininga. Normalt er dette ei gateadresse, eller eit stadnamn på mindre plassar. Dersom foreininga har eit lokale/klubbhus eller samlingsstad,  blir gjerne denne adressa brukt. I tillegg kan ein registrere ei postadresse.

Hugs at vedtektene for foreiningar som er registrerte i Føretaksregisteret må endrast dersom foreininga endrar forretningsadresse til ny kommune.

 

Ny postadresse

Dersom du ønsker posten send til ei anna adresse, kan du melde dette som postadresse. Dersom det ikkje finst eigen postkasse som er godt merka med namnet til foreininga, kan ein gjerne bruke c/o-adresse. Då er du sikker på at posten kjem fram. I dømet under blir brev til foreininga sendt til kontaktpersonen si postkasse.

 

Brønnøysund idrettslag

c/o Kari Nordmann

Utsikten 54

8908 Brønnøysund

 

Korleis registrerer eg nytt styre?

Når foreininga har valt nytt styre, skal dette meldast i Samordna registermelding.

Hugs å ha etternamnet og fødselsnummeret på styremedlemmane tilgjengeleg før du begynner.

Du må legge ved

  • Protokoll frå årsmøtet som viser kven som er valt til det nye styret

Om foreininga er registrert i Føretaksregisteret, må nyvalde styremedlemmar samtykke til vervet ved å signere i Samordna registermelding.

 

Korleis registrerer eg signatur?

Du registrerer signatur ved å sende inn Samordna registermelding.

Du må legge ved

  • årsmøteprotokoll
  • vedtekter, eller
  • protokoll frå styremøte

Det må gå tydeleg fram av dokumentasjonen at signatur er tildelt, og om den er gitt «i fellesskap» eller «kvar for seg».

Korleis registrerer eg prokura?

Du registrerer prokura ved å sende inn Samordna registermelding.

Ingen vedlegg krevst