Sletting av foreining

Sist oppdatert: 6. mars 2017.

Ein kan slette ei foreining dersom

  • fleirtalet av medlemmene vedtar oppløysing eller sletting
  • ho blir oppløyst som eit resultat av stadig mindre aktivitet over lengre tid
  • alle medlemmene er utmelde, unntatt ein
  • det skjer vesentlege endringar av foreininga sine vedtekter, slik at ho oppfattast som ei ny eining
  • ho blir delt i fleire mindre einingar eller slått saman med andre einingar

Du sletter foreininga ved å sende inn Samordna registermelding.

Du må legge ved:

  • Dokumentasjon som viser at foreininga har slutta å eksistere, eller er vedtatt oppløyst. Dette er ofte eit referat frå ekstraordinært årsmøte, der medlemmene har vedtatt å legge ned drifta av foreininga.

Dersom foreininga er registrert i Føretaksregisteret, må du legge ved

  • protokoll frå årsmøtet som viser vedtak om sletting