Roller i foreininga eller laget

Sist oppdatert: 6. mars 2017.

I ei foreining må du registrere ein kontaktperson. Dette kan vere i form av ein dagleg leiar, kontaktperson eller forretningsførar.
Dagleg leiar, rekneskapsførar, revisor, signatur og prokura er roller du kan velje å registrere.

Vi registrerer ikkje alle medlemmene i foreininga. Dette må foreininga sjølv ha oversikt over.

Styre

Dersom foreininga har eit styre, må du opplyse kven som er medlemmer i styret.

Val av styremedlemmer

Styret er dei som skal leie foreininga mellom to årsmøte, og blir normalt vald på eit årsmøte. Som oftast vil det gå fram av vedtektene kor mange styremedlemmer foreininga skal ha, og kva oppgåver og ansvar styret har.

Næringsdrivande foreining

Ei foreining som skal registrerast i Føretaksregisteret må ha eit styre som består av minst ein medlem. Styret må alltid ha ein leiar. Styremedlemmene må bekrefte at dei tar på seg vervet.

Rekneskapsførar

Foreininga kan velje om dei skal ha rekneskapsførar.

Registrering av rekneskapsførar

Dersom foreininga nyttar autorisert rekneskapsførar, skal denne rekneskapsføraren registrerast i Einingsregisteret. Ved endring av rekneskapsførar skal ein og sende melding til Einingsregisteret.

Rekneskapsførar må bekrefte at han tar på seg oppdraget, enten ved å signere Samordna registermelding, eller ved å legge ved ei viljeserklæring som må signerast elektronisk.

Revisor

Dersom foreininga har revisor, skal dette registrerast hos oss.

Foreininga har plikt til å ha revisor dersom dei har

  • 20 tilsette
  • eigedelar for over 20 millionar
  • driftsinntekter for si samla verksemd på fem millionar kroner eller meir

Vi registrerer berre revisorar eller revisjonsføretak som er registrert i Revisorregisteret hos Finanstilsynet.

Revisor må bekrefte at han tar på seg oppdraget.

Kontaktperson, dagleg leiar eller forretningsførar

Ei foreining må ha ein kontaktperson, dagleg leiar eller forretningsførar.

Signatur

Signatur er ei fullmakt til å opptre og underskrive på vegner av foreininga i dei fleste samanhengar. Signatur gir for eksempel rett til å ta opp lån, kjøpe eller selje fast eigedom på vegne av foreininga.

Dersom ikkje anna er bestemt i vedtektene, er det styret i foreininga som har signatur i fellesskap. Styret kan tildele signaturretten til eit utval styremedlemmer, eller til andre roller i foreininga. Dersom fleire har signaturrett, må du presisere om dei har retten kvar for seg eller i fellesskap.

Prokura

Prokura er ei fullmakt til å opptre og underskrive på vegner av foreininga i det meste som angår drifta. Prokura kan ikkje brukast til å hefte på eller selje foreininga sine  faste eigedomar. Ein person som har fått tildelt prokura blir kalla prokurist.

Ei foreining kan gi prokura til ein eller fleire personar. Dersom det er fleire, kan ein velje om dei skal ha fullmakt kvar for seg eller i fellesskap.

Ein person som har prokura kan ikkje overføre det til ein annan person.