Registrering i Frivilligregisteret

Sist oppdatert: 22. februar 2017.

Ingen organisasjonar har plikt til å registrere seg i Frivilligregisteret. Alle organisasjonar som  fyller vilkåra har rett til å registrere seg.

Dersom du ønsker å registrere ein organisasjon i Frivilligregisteret, kan du gjere det ved å sende inn Samordna registermelding i Altinn.

Kvifor registrere i Frivilligregisteret?

Foreiningar og organisasjonar som er registrerte i Frivilligregisteret, kan

  • Delta i Grasrotdelen. Det er ei ordning som gjer det mogleg for spelarar hos Norsk Tipping å gi ein prosentdel av innsatsbeløpet direkte til ein frivillig organisasjon
  • Søke om momskompensasjon. Det vil seie at dei kan søke om å få kompensasjon for moms dei har betalt ved kjøp av varer og tenester

Det kan også vere offentlege eller private ordningar for tilskot som føreset registrering i Frivilligregisteret.

Kven kan registrere seg i Frivilligregisteret?

Eininga må drive frivillig verksemd for å kunne bli registrert i Frivilligregisteret. Det er berre foreiningar, stiftelsar eller aksjeselskap som kan registrerast. Eininga kan ikkje dele ut midlar til fysiske personar. Eininga må ha eit styre.

Det er eit krav at eininga er registrert i Einingsregisteret. Registreringane kan du gjere samtidig.

Aktivitetar som ikkje er basert på forteneste blir rekna som frivillig verksemd.

Frivillig verksemd blir driven av

  • Ikkje-økonomiske (ideelle) foreiningar
  • Alminnelege stiftelsar som ikkje deler ut midlar, eller som berre gjennomfører utdelingar til frivillig verksemd
  • Næringsdrivande stiftelsar som berre gjennomfører utdelingar til frivillig verksemd
  • Aksjeselskap som berre gjennomfører utdelingar til frivillig verksemd

 

Aktivitetar som ikkje reknast som frivillig verksemd er

  • Aktivitetar organisert av det offentlege
  • Aktivitetar basert på samvirkeprinsipp og som blir omfatta av samvirkeloven
Ja eller nei til registrering av vedtekter

De er pliktige til å sende inn vedtektene for å få registrert dykk i Frivilligregisteret, men det er frivillig for foreiningar å registrere vedtektene. Dersom foreininga vel å registrere vedtektene sine, pliktar dei samtidig å sende inn vedtektene kvar gong dei blir endra.

Dersom vedtektene skal registrerast, må dei minst innehalde desse opplysningane om foreininga:

  • namn
  • formål
  • årsmøte
  • styre og val av styre
  • endringar av vedtekter
  • opphøyr
Kategori for aktivitet

Eininga skal gi opplysing om kategori eller aktivitetsområde som passar for den aktiviteten eininga driv. Sjå eigen tabell med tilgjengelege kategoriar. Sjå eigen tabell med tilgjengelege kategoriar.

Dokument du må legge ved for registrering i Frivilligregisteret

Dokument du må legge ved dersom de er registrerte i Einingsregisteret og skal registrere dykk i Frivilligregisteret er

  • vedtekter
  • protokoll som viser val av styre dersom dette ikkje er registrert frå før

Dokument du må legge ved dersom de skal registrere dykk både i Einingsregisteret og Frivilligregisteret er

  • vedtekter
  • stiftelsesdokument som viser at de er oppretta/stifta
  • årsmøteprotokoll/dokumentasjon som viser val av styre
Må du registrere rekneskapsopplysningar?

Å registrere rekneskapsopplysningar er frivillig for dei fleste foreiningar som ikkje er næringsdrivande. Dersom de vel å registrere slike opplysningar, vil de ha plikt til å sende inn årsrekneskap til Rekneskapsregisteret kvart år.

Krava som blir stilte til årsrekneskapen som skal sendast inn, er annleis og enklare enn krava som er stilte i rekneskapsloven. Nærare opplysningar om desse reglane finn du i forskrift om register for frivillig verksemd. Ver merksam på at foreiningar som har alminneleg rekneskapsplikt etter rekneskapsloven, stiftelsar og aksjeselskap ikkje kan nytte seg av desse særreglane. Desse skal sende inn årsrekneskap til Rekneskapsregisteret etter dei ordinære reglane.

Dersom foreininga vel å ta på seg innsendingsplikt for årsrekneskap, må ein føre opp dato for avslutning av rekneskapsår.

Kven skal registrere tilknytingar?

Berre sentralledd i frivillige organisasjonar med fleire organisasjonsledd (regionalledd og/eller lokalledd) skal melde tilknytingar til Frivilligregisteret. Det vil seie at ein frivillig organisasjon som er sentralledd i organisasjonen, skal registrere dei organisatoriske tilknytingane han har til andre lokalledd og regionalledd i organisasjonen sin.

Rettleiing for tilknytingar mellom einingar i Frivilligregisteret.

Grasrotdelen

Når foreininga di søker om å bli registrert i Frivilligregisteret, kan de og søke om å ta del i grasrotordning. Les meir om Grasrotdelen.