Grasrotdelen

Sist oppdatert: 22. februar 2017.

Grasrotdelen gjer det mogleg for spelarar hos Norsk Tipping å gi delar av spelinnsatsen til eit lag eller ei foreining.

Registrering i Frivilligregisteret er eit vilkår for å kunne ta imot midlar via grasrotdelen.

Laget eller foreininga må vere registrert i Einingsregisteret for å kunne bli registrert i Frivilligregisteret. Dette kan gjerast samtidig.

Kven kan delta i grasrotdelen?

Berre einingar som driv verksemd på lokalt eller regionalt plan kan delta i grasrotdelen. Foreiningar som er paraplyorganisasjonar for lokale lag eller einingar som har aktivitet i heile landet kan derfor ikkje delta. I tillegg må den verksemda som skal drivast vere av ein bestemt art. Avgrensingane er for det meste, men ikkje eine og åleine, basert på den klassifiseringa som blir registert i Frivilligregisteret.

Kva for kategoriar gjev rett til deltaking?

Organisasjonar som driv verksemd innanfor minst ein av desse kategoriane kan ta del i grasrotdelen:

  • 1 – Kultur og rekreasjon
  • 4 – Sosiale tenester
  • 5 – Natur- og miljøvern
  • 8 – Legat og fremje av frivilligheit
  • 9 – Internasjonale organisasjonar
  • 10 – Trus- og livssynsorganisasjonar
  • 12 – Andre
  • 13 – Barne- og ungdomsorganisasjonar
  • 14 – Mangfald og inkludering

Det held at organisasjonen er registrert i minst ein kategori som gir rett til å ta del i grasrotdelen. At dei eventuelt også er registrert i ein eller fleire kategoriar som ikkje kan ta del i ordninga, har inga betyding.

Kva for kategoriar gjer vilkårsbunden eller ikkje rett til deltaking?
  • 2 – Utdanning og forsking

Organisasjonar som berre driv verksemd innanfor hovudkategorien utdanning og forsking kan ikkje ta del i grasrotdelen.

  • 3 – Helse

Kan ta del i Grasrotdelen, men ikkje dei organisasjonane som driv sjukehus, psykiatriske institusjonar, pleieheim eller nokon form for private helseklinikkar.

  • 6 – Bustad- og lokalmiljø

Kan ikkje ta del i Grasrotdelen. Unntak gjeld for velforeiningar som likevel har rett til å ta del.

  • 7 – Politiske- og interesseorganisasjonar

Kan ta del i Grasrotdelen, men ikkje dei organisasjonane som utgjer politiske parti. Ungdomsorganisasjonane til politiske parti kan likevel ta del.

  • 11 – Yrkes-, bransje- og fagforeiningar

Kan ikkje ta del i Grasrotdelen. Unntak gjeld for elev- og studentorganisasjonar, som likevel har rett til å delta.

Det finst fleire avgrensingar for deltaking i grasrotdelordninga. Desse finn du i grasrotforskrifta.

Krav om kontonummer

Om laget ditt eller foreininga di skal delta i grasrotdelen, må du gi opp kontonummer til eininga i Samordna registermelding.

Er kontonummeret feil, slik at Norsk Tipping ikkje får utbetalt grasrotdelen, vil laget ditt eller foreininga di miste retten til opptente midlar.

Kontonummeret til foreininga kan bli registrert i Frivilligregisteret. Det gjer at dei som måtte ha bruk for det, til dømes givarar, lett kan finne kontonummeret til organisasjonen.

Grasrotdelen blir forvalta av Norsk Tipping

Du kan lese meir om denne ordninga på Norsk Tipping sine nettsider.