Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Vegen til organisasjonsnummer for frivillig aktivitet

2
Stifte foreining

Vegen til organisasjonsnummer for frivillig aktivitet

1
Korleis bli registrert?
2
Stifte foreining
3
Send inn skjema
4
Saka blir behandla
De har fått organisasjonsnummer

Stifte foreining

Foreininga må vere stifta før ho kan bli registrert.

Når de skal stifte ei foreining må de ha eit møte. Det må vere minst to personar til stades som stiftarar. Referatet frå møtet er eit stiftelsesdokument. I tillegg må de lage vedtekter som inneheld reglane til foreininga.

Det enklaste er å bruke vårt forslag til stiftelsesdokument og vedtekter. Her skriv de inn dei opplysningane som manglar, og tilpassar vedtektene til foreininga.

Sjå eksempel på stiftelsesdokument og vedtekter for lag og foreiningar

Er foreininga stifta frå før?

Om foreininga allereie er stifta er det ikkje nødvendig med eit nytt stiftelsesmøte. Har de ikkje eit referat frå stiftelsesmøtet (stiftelsesdokument), må de i staden legge ved siste årsmøteprotokoll, saman med skjemaet og vedtektene.