Språk
S√łk
Meny

S√łk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Vegen til organisasjonsnummer for frivillig aktivitet

1
Korleis bli registrert?

Vegen til organisasjonsnummer for frivillig aktivitet

1
Korleis bli registrert?
2
Stifte foreining
3
Send inn skjema
4
Saka blir behandla
De har fått organisasjonsnummer

Korleis bli registrert?

Er de ei foreining eller driv dykk med frivillig aktivitet, treng de ofte eit organisasjonsnummer for å få konto i banken, Vipps eller liknande. Dette får de ved å registrere dykk som ei foreining i Einingsregisteret.

Det fins mange typar foreiningar, for eksempel idrettslag, speidarforeiningar, kristne organisasjonar, bileigarforeiningar, politiske parti, arbeidstakarforeiningar eller foreiningar for dei som driv med musikk, teater og andre ulike frivillige aktivitetar.

Kva er ei foreining?

Ei foreining er ei sj√łlveigande samanslutning med medlemmer. Foreininga skal fremme form√•l av felles interesse, dette kan vere av humanit√¶r, politisk eller liknande art. Foreiningar blir styrt av medlemmene.

Kva kan vi ikkje registrere som ei foreining?

Om de er eigarar eller andelseigarar, eller om formue og gjeld kan delast på medlemmene, må de vurdere andre organisasjonsformer enn foreining. Her finn de informasjon om andre organisasjonsformer.

Kan foreininga bli registrert i Frivilligregisteret?

Om foreininga driv med frivillig aktivitet kan dykk i tillegg s√łke om at ho blir registrert i Frivilligregisteret. Da er det mogleg √• delta i grasrotandelen, eller s√łke om momskompensasjon.

M√• vi registrere foreininga i F√łretaksregisteret?

Det er berre foreiningar som driv med n√¶ringsverksemd som kan bli registrert i F√łretaksregisteret. Ved registrering i F√łretaksregisteret vil foreininga f√• ein firmaattest. Registrering i F√łretaksregisteret er gebyrbelagd. Sj√• oversikt over gebyr.