Vedleggskrav for lag eller foreining

Sist oppdatert: 27. november 2018 .

Vi krev ein del dokumentasjon når du skal registrere ei foreining eller eit lag for første gong.

Vi må vere sikre på at opplysningane som blir melde er korrekte. Offentlege og private aktørar bruker informasjonen som blir registrert hos oss. Dei må kunne stole på at den er kontrollert og godkjend.

Dokument du må legge ved når du skal registrere eit lag eller ei foreining er

  • Stiftelsesdokument
  • Vedtekter
  • Årsmøteprotokoll som viser val av styre

Hugs å signere i skjemaet.

Dersom foreininga skal ha revisor eller rekneskapsførar må dei bekrefte i Samordna registermelding at dei tar på seg valet.

Se eksempel på stiftelsesdokument og vedtekter (pdf)