Tips til korleis du registrerer lag eller foreining

Sist oppdatert: 23. oktober 2018 .

Før du startar registreringa er det viktig at du

  • Skaffar deg informasjon om kva ei foreining er
  • Forsikrar deg om at de er organisert i samsvar med denne organisasjonsforma
  • Sjekkar kva register foreininga skal registrerast i

Dei fleste foreiningar skal berre registrere seg i Einingsregisteret. Registrering i Frivilligregisteret er valfri, og kan gjerast samtidig med registrering i Einingsregisteret. Det er berre foreiningar som driv næringsverksemd som kan registrere seg i Føretaksregisteret.

Eininga kan ikkje bli registrert som ei foreining dersom ho har eigarar, eller dersom midlar og gjeld kan bli fordelt på medlemmene. Undersøk da andre organisasjonsformer.

Ved registrering må du sørge for at du har

  • Fødselsnummer på alle personar som skal registrerast med ei rolle, som for eksempel kontaktperson og styreleiar
  • Alle nødvendige dokument, som til dømes vedtekter og protokoll frå årsmøte, elektronisk tilgjengeleg

Ofte stilte spørsmål

Kva type dokumentasjon må eg legge ved når eg skal registrere styret?

Du må legge ved protokoll som viser valet av styret. Som regel vil dette vere protokoll frå årsmøte eller stiftelsesmøte. I nokre tilfelle kan det også vere andre organ som vel styre. Reglane for val av styre i foreininga di vil stå i vedtektene til foreininga. Referat frå styremøte er som regel ikkje godkjent dokumentasjon. Du treng ikkje å sende inn årsmelding, interne rapportskjema og liknande.

Må eg melde heile styret i skjemaet?

Ja, det må du. Vi kan ikkje godkjenne meldinga dersom du ikkje fører opp heile styret i skjemaet. Alle personar må førast opp med fødselsnummer eller D-nummer, og du må krysse av for riktig rolle. Styret du melder i skjemaet må vere i samsvar med dokumentasjonen som du legg ved.

Skal eg melde varamedlemmer i skjemaet?

Du skal ikkje melde varamedlemmer dersom du skal registrere foreininga i Einingsregisteret.

Du skal melde varamedlemmer dersom du skal registrere foreininga i Føretaksregisteret. Det er berre foreiningar som driv næringsverksemd som skal registrerast i Føretaksregisteret.

Vi har ein varamedlem som har rykt opp til styremedlem midt i styreperioden. Skal vi melde dette?

Nei, internt opprykk frå varamedlem til styremedlem skal ikkje registrerast. Ein varamedlem skal fungere som styremedlem i dei tilfelle styremedlemmer ikkje kan møte eller har fråtredd.

Ein skal berre registrere styremedlemmer som er valde av årsmøtet.

Korleis melder eg styre når protokollen frå årsmøtet viser val av ein person som no har slutta?

Ein skal ikkje føre opp personar som har slutta i eit verv i perioden frå årsmøtet blei halde og fram til ein skal melde styret til oss. Du må legge ved dokumentasjon som viser at vedkommande ikkje lenger er styremedlem.

Korleis registrerer eg rollene sekretær, kasserar og økonomiansvarleg?

Einingsregisteret registrerer berre rollene styreleiar, nestleiar og styremedlem. Roller som kasserar, sekretær og økonomiansvarleg må du melde som styremedlemmer dersom dei er valde som faste medlemmer i styret. Dei skal ikkje meldast dersom dei ikkje er valde som faste medlemmer.

Eg veit ikkje når foreininga blei stifta. Kva dato skal eg gi opp i skjemaet?

Gi opp den datoen du trur er riktig dersom du ikkje veit eksakt stiftelsesdato.
Veit du årstalet, kan du til dømes bruke 31.12. dette året. Unngå å melde ein stiftelsesdato som er av nyare dato, dersom foreininga er stifta tilbake i tid.

Eg finn ikkje stiftelsesdokumentet til foreininga. Kva skal eg gjere?

Dersom foreininga er stifta for lenge sidan og stiftelsesdokumentet ikkje finst, må du legge ved protokoll frå årsmøte som viser at foreininga eksisterer.

Skal eg fylle ut noko i skjemafeltet for signatur?

Dette feltet skal berre fyllast ut dersom de har eit vedtak frå styremøte eller årsmøte, eller vedtekter som viser tildeling av signatur. Signaturretten som du gir opp i skjemaet må vere i samsvar med dokumentasjonen du legg ved.

Kva opplysningar må eit vedtak om signatur innehalde?

Det må gå klart fram av vedtaket at det er tildelt ein signaturrett. Vedtaket må også innehalde opplysningar om signaturretten er tildelt «åleine», «kvar for seg» eller «i fellesskap».

Vedtaket skal ikkje innehalde opplysningar som viser at tildelinga berre gjeld disponering av bankkontoar, løyve til å underskrive meldingar til Brønnøysundregistera eller andre liknande avgrensingar.

Eg har fått beskjed av banken om å registrere signatur for å få tilgang til bankkonto. Korleis går eg fram for å få dette registrert?

Tildeling av signaturrett er ikkje det same som det å ha rett til å disponere ein bankkonto. Retten til å disponere ein bankkonto må avtalast direkte med banken, og er ein avtale mellom foreininga og banken. Dette er ei opplysning som ikkje blir registrert hos oss.

Vi gjer merksam på at ein person som har fått tildelt signaturrett kan forplikte foreininga i dei fleste samanhengar, og mellom anna ta opp lån og kjøpe og selje fast eigedom på vegne av foreininga.

Korleis melder eg signaturrett til kasserar når eg ikkje finn denne rolla i skjemaet?

Einingsregisteret registrerer ikkje interne roller som kasserar, økonomiansvarleg eller liknande. Signaturretten må derfor meldast i skjemaet på namnet og fødselsnummeret til personen. Du må legge ved dokumentasjon som viser at denne personen er tildelt signaturrett.

Finst det nemningar som ikkje kan brukast i namnet til ei foreining?

Ja, det gjer det. Namnet til ei foreining skal ikkje innehalde nemningar som kan forvekslast med ei anna organisasjonsform, til dømes nemningane AS, ASA eller Foundation. Skal du registrere eit bedriftsidrettslag eller ei pensjonistforeining som til dømes er knytt til eit aksjeselskap, kan namnet til foreininga ikkje innehalde nemninga AS.

Vi gjer merksam på at ordet Foundation er den engelske nemninga på organisasjonsforma stiftelse. Derfor kan det ikkje kan brukast i namnet på ei foreining.

I vedtektene våre står enno det gamle namnet til foreininga. Kva namn skal eg då føre opp i skjemaet?

Du må melde det nye namnet i skjemaet. Foreininga må endre vedtektene, slik at dei inneheld det nye namnet.