Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Stiftelsesdokument for foreining

Sist oppdatert: 28. mars 2019 .

Ei foreining eller eit lag blir stifta ved at det blir oppretta ein avtale mellom medlemmene.

Dette skjer normalt ved at medlemmene blir kalla inn til eit stiftelsesmøte, der medlemmene formelt vedtar å stifte foreininga eller laget. Det må vere minst to personar for å kunne stifte eit lag eller ei foreining.

Innhald i stiftelsesdokumentet

I stiftelsesdokumentet er det vanleg å ta med kven som møtte på stiftelsesmøtet, dato og stad, at ein formelt har vedteke å stifte ei foreining med eit bestemt formål som medlemmene ønsker å arbeide for, og val av styre. Vedtektene til foreininga må godkjennast  på stiftelsesmøtet. Stiftelsesdokumentet må vere underskrive.

Se eksempel på stiftelsesdokument og vedtekter (pdf)

Har du ikkje stiftelsesdokumentet?

Dersom foreininga eller laget er stifta langt tilbake i tid, og de først no har behov for å bli registrert i Einingsregisteret, er det ikkje sikkert at det er mogleg å finne det opphavlege stiftelsesdokumentet.

Du kan forklare situasjonen i Samordna registermelding, og legge ved siste årsmøteprotokoll som dokumenterer at det er aktivitet i laget eller foreininga.