Registrering av foreldreutval (FAU)

Sist oppdatert: 16. april 2018 .

Om du skal registrere foreldreutval(FAU) eller foreldreråd ved skolen eller barnehagen som ei foreining i Einingsregisteret, må det vere stifta som ei foreining.

FAU er eit utøvande organ for foreldrerådet ved ein skole og er derfor i utgangspunktet ikkje ei sjølvstendig foreining.

FAU har rett til å registrere seg som ei foreining i Einingsregisteret om

  • de formelt stiftar ei foreining
  • ikkje andre forhold bryt med foreiningsprinsippa

Det må gå klart fram av stiftelsesdokumentet at det er stifta ei foreining.

Du må legge ved

  • stiftelsesdokument som syner at FAU er stifta som ei foreining
  • vedtekter som syner at de er organiserte som ei foreining

Korleis stifte FAU som ei foreining?

Om de ønsker å gjere det, må de halde stiftelsesmøte. De lagar då eit stiftelsesdokument som de legg ved når de skal sende melding til oss.

Stiftelsesdokumentet bør innehalde

  • dato for når møtet fann stad
  • kven som var til stades
  • vedtak om å stifte ei foreining
  • godkjenning av vedtektene
  • val av styre
  • eventuelt andre saker som er behandla på møtet

I Altinn kan du sjå eksempel på vedtekter og stiftelsesdokument.

Hugs å tilpasse malane slik at opplysingar om blant anna namn, formål og medlemskap kjem fram.