Plikt og rett til registrering i Føretaksregisteret

Sist oppdatert: 20. mars 2018 .

Foreiningar som driv næringsverksemd, eller har til formål å drive næringsverksemd, må registrerast i Føretaksregisteret. Dersom foreininga ikkje har plikt til å bli registrert i Føretaksregisteret, har ho heller ikkje moglegheit til det.

Når inntreffer plikta?

Næringsaktiviteten må strekke seg over ein viss periode og omsetninga over ein viss storleik, før foreininga er registreringspliktig.

Registreringsplikta for foreiningar utan næringsverksemd som formål, binæringsdrivande, finn stad når foreininga omset for meir enn 140 000 kroner.

Ved registrering i Føretaksregisteret vil føretaket få ein firmaattest. Det kjem gebyr på registrering i Føretaksregisteret.