SprĂĄk
Søk
Meny

Søk


Velg sprĂĄk



BokmĂĄl

Alt innhold er tilgjengelig pĂĄ bokmĂĄl

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg pĂĄ nynorsk

Kva er ei foreining?

Sist oppdatert: 19. februar 2020 .

Ei foreining er ei sjølveigande samanslutning med medlemmer som skal fremme eitt eller fleire formål av ideell, politisk eller annan art.

Skal foreininga eller laget til dømes drive med idrett, humanitært arbeid eller andre frivillige aktivitetar, kan du registrere laget ditt eller foreininga di hos oss.

Eigedelar og overskot

Foreininga sitt overskot,  gjeld eller formue kan ikkje delast ut til medlemmene, i motsetnad til eit aksjeselskap der eigarane til dømes kan ta imot utbytte frå selskapet.

Ikkje lovfesta

Rettsforholdet til foreiningar er ikkje regulert i eigen lov. Det er likevel, over tid, utvikla sĂĄkalla foreiningsrettslege prinsipp som blir nytta for ĂĄ slĂĄ fast om ein fyller krava til ĂĄ vere registrert som foreining.

Meld ifrĂĄ om endringar

Når foreininga er registrert, pliktar de  å halde opplysningane om foreininga oppdatert heile tida.