Søk


Velg språk



Forside bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Forside nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Jegerregisteret

Sist oppdatert: 13. august 2021.

På Mi jegerside kan du betale jegeravgifta, få tilgang til det digitale jegeravgiftskortet ditt og registrere deg som lisensjeger.

Gjennomføring av skyteprøve i 2021/2022

På grunn av smittevernrestriksjonar vil det berre vere krav om å ta siste del av skyteprøven for storviltjegerar med skot mot dyrefigur. Les meir om skyteprøven hos Miljødirektoratet.

Spørsmål om appen Min jegerdokumentasjon

Kva kan eg bruke appen til?

Med den nye appen har du jegeravgiftskortet og vitnemål på storviltprøven på ein stad.

Har du han med deg på jakt, har du alt du treng for å dokumentere at du har betalt jegeravgift og at du har fått godkjent skyteprøven. Blir du kontrollert er det nok å vise fram QR-kode i appen.

Kor finn eg appen?

Appen lastar du ned i Google Play butikk eller App store.

Ønsker du å vite meir om appen, sjå rettleiaren vår for skyteprøven.

Vil appen fungere utan dekning?

Ja, så lenge du har logga inn i appen første gong med dekning. Du må huske den personlege koden din for å få fram dei siste opplysningane som appen har henta frå Jegerregisteret.

Korleis får eg vitnemål på storviltprøven i appen?

Sjå rettleiaren vår for korleis du kan ta skyteprøven på mobil.

Spørsmål om digital jegerdokumentasjon

Eg har ikkje fått jegeravgiftskortet i posten. Kva gjer eg?

Når du har betalt jegeravgifta, finn du jegeravgiftskortet ditt på Mi jegerside. Frå og med jaktåret 2020/2021 sender vi ikkje automatisk ut jegeravgiftskort på papir.

Korleis får eg jegeravgiftskort?

Når du har betalt jegeravgifta finn du jegeravgiftskortet ditt ved å logge deg inn på Mi jegerside.

Korleis dokumenterer eg at eg har tatt skyteprøven?

Skyteprøven for storviltjegerar kan du dokumentere med vitnemål som du får på skytebana, eller du kan laste ned vitnemålet frå Miljødirektoratet sine nettsider.

Spørsmål om jegernummer

Korleis får eg tildelt eit jegernummer?

Du vil automatisk få tildelt jegernummer og bli registrert i Jegerregisteret når du har bestått jegerprøven.

Spørsmål om jegeravgift og betaling

Kven må betale jegeravgift?

Alle som skal drive med jakt og fangst i Noreg må betale jegeravgift. Jegeravgifta gjeld for eit heilt jaktår (1. april til 31. mars). Betal jegeravgift i betalingsløysinga vår.

Betalt jegeravgift gir ikkje jaktrett på noko område. Du må også ha løyve frå grunneigar eller rettshavar for å drive lovleg jakt.

Kor mykje kostar det?
Jegeravgift og prisar for 2021/2022 
Jegeravgift – alt viltkr 460
Jegeravgift – alt vilt unntatt elg, hjort og villreinkr 360
Tilleggsavgift for elg, hjort og villreinkr 100
Tilleggsavgift for manglande fangstrapporteringkr 220
Eg skal på jakt i dag, men har ikkje betalt jegeravgift. Kva gjer eg?

Du må logge inn på Mi jegerside og betale jegeravgifta. Etter at du har betalt, vil jegeravgiftskortet ditt vere tilgjengeleg på Mi jegerside.

Eg har ikkje betalt jegeravgifta. Blir eg då sletta frå Jegerregisteret?

Nei, du blir ikkje sletta frå Jegerregisteret.

Ønsker du å jakte igjen, må du betale jegeravgifta.  Du treng ikkje gå opp til ny jegerprøve.

Kva gjer eg når eg har betalt feil beløp eller betalt fleire gongar?

Ta kontakt på telefonnummer +47 75 00 79 99 og forklar oss kva du har betalt. Ha jegernummer og kontonummer klart.

Spørsmål om jegeravgiftskort

Eg har gløymd eller mista jegeravgiftskortet. Kva gjer eg?

Du loggar inn på Mi jegerside og der finn du det digitale jegeravgiftskortet ditt.

Eg har nettopp bestått jegerprøven. Når får eg tilsendt jegeravgiftskort?

Når du har bestått jegerprøven, får du melding i Altinn om at du er registrert i Jegerregisteret. Betal jegeravgifta og du finn jegeravgiftskortet på Mi jegerside.

Vær merksam på at jaktåret starter 1. april, ikkje betal før jaktåret er starta dersom du ikkje skal jakte før.

Har du bestått prøven tidleg på året, og du skal jakte før 1. april, må du betale jegeravgifta for det inneverande jaktåret.
Har du ikkje fylt 16 år, vil du få melding i Altinn om betaling av jegeravgift i siste halvdel av mars det året du fyller 16 år.

Spørsmål om fangstrapport

Må eg sende inn fangstrapport sjølv om eg ikkje har vore på jakt?

Ja, om du har betalt jegeravgifta, må du rapportere jakt og fangstutbytte. Fristen for rapportering er 1.mai.

Dette kjem i tillegg til rapportering til grunneigar, fjellstyre eller andre (for eksempel Statskog, eller Finnmarkseigedommen).

Om du ikkje har sendt inn rapport innan 1. mai, må du betale ei tilleggsavgift.

Tilleggsavgifta vil bli lagt til ved betaling av neste års jegeravgift.

Kontakt Jegerregisteret

Oppgje alltid jegernummer eller fødselsdato i tillegg til namn og adresse når du kontaktar Jegerregisteret.

Telefon + 47 75 00 79 99
Åpningstid: 09 – 12

Postadresse:

Jegerregisteret
Postboks 905
8910 Brønnøysund

E-post:

jegerregisteret@brreg.no