Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Søke om ettergiving av forseinkingsgebyret og fritak frå solidaransvar

Sist oppdatert: 11. juni 2019 .

Det er mogleg å søke om ettergiving av forseinkingsgebyret eller fritak frå solidaransvar. Solidaransvar inneber at fleire personar er personleg ansvarleg for same krav.

Forseinkingsgebyret må vere stoppa før du kan søke om ettergiving eller fritak. Du kan ikkje klage på gebyret eller avvise det.

Søknaden skal vere skriftleg. Du må forklare kvifor komplett årsrekneskap ikkje blei sendt til Rekneskapsregisteret innan fristen og du må dokumentere årsakene som du legg til grunn.

Du må betale forseinkingsgebyret sjølv om du har søkt om ettergiving eller fritak.

Vilkår for ettergiving og fritak

Vilkåra er strenge og det er vanskeleg å få ettergitt forseinkingsgebyret eller å få fritak frå solidaransvaret. Det er berre i spesielle tilfelle at vi kan ettergi forseinkingsgebyret heilt eller delvis. Dei same vilkåra gjeld for fritak frå solidaransvaret.

Forhold utanfor den rekneskapspliktige sin kontroll

For at vilkåret skal kunne føre til ettergiving eller fritak, må du dokumentere at det oppstod uventa forhold som var utanfor kontrollen din i rolla som ansvarleg for den rekneskapspliktige. Du må dessutan ha gjort alt du kunne for å overhalde innsendingsplikta. Det må også vere ein samanheng mellom oppståtte forhold og at årsrekneskapen ikkje blei send inn før fristen.

Særlege rimeleghetsgrunnar

Vilkåret gjeld når det blir heilt urimeleg å oppretthalde gebyret. Dette skjer berre i svært spesielle tilfelle.

Her kan du finne eksempel på ulike årsaker

Årsaker som kan føre til ettergiving eller fritak

Eksempel på slike årsaker er

  • akutt eller alvorleg sjukdom
  • datahavari
  • beslag av rekneskapsmateriale
  • brann
  • tjuveri
Årsaker som ikkje fører til ettergiving eller fritak

Eksempel på slike årsaker er

  • vankunne om gjeldande lover og reglar
  • alder
  • sjukdom hos berre ein av fleire solidaransvarlege
  • når styrevervet er ein formalitet
  • manglande mottak av påminning om innsending av årsrekneskap
  • lita eller inga drift
  • at eininga er under avvikling
  • eininga har eit velgjerande formål, blir drive på dugnad eller driv ikkje næringsverksemd
  • misforståingar og andre interne forhold mellom dykk og rekneskapsførar/revisor
  • dårleg økonomi i eininga
  • at forseinkingsgebyret er for stort

Du sender søknaden til:

Rekneskapsregisteret
Postboks 900
8910 Brønnøysund

Du kan også sende søknaden på e-post eller via kontaktskjemaet vårt, om den ikkje inneheld sensitiv informasjon.

Har du fått avslag på søknad?

Om du får avslag på søknad om ettergiving av forseinkingsgebyret, eller ikkje får innvilga fritak frå solidaransvaret, kan du klage på vedtaket. Klagefristen er 3 veker frå du mottek avslaget. Klagen skal vere skriftleg og du må forklare og dokumentere årsakene som du legg til grunn. Vi vurderer da saka på nytt og om vi ikkje endrar vedtaket blir ho send vidare til klageinstansen hos Statens innkrevjingssentral.

Du sender klagen til

Rekneskapsregisteret
Postboks 900
8910 Brønnøysund

Du kan også sende klagen til e-postadressa e-postadressa vår eller via kontaktskjemaet vårt, om den ikkje inneheld sensitiv informasjon.