Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Gebyrsatsane

Sist oppdatert: 8. april 2019 .

Forseinkingsgebyret løper i maksimalt 26 veker og utgjer då 59 800 kroner. Rettsgebyret, som for tida er på 1 150 kroner, avgjer kor stort forseinkingsgebyret blir.

Utrekninga av forseinkingsgebyret

  • Eit rettsgebyr per veke, dei første 8 vekene.
  • To rettsgebyr per veke, dei neste 10 vekene.
  • Tre rettsgebyr per veke, de siste 8 vekene.

Utrekninga startar frå første dagen etter innsendingsfristen. Påbyrja veke blir rekna som heil veke.

Biletet viser kor mykje forseinkingsesgebyret kan kome opp i.

Du kan stoppe forseinkingsgebyret før det har gått 26 veker ved å

  • sende inn komplett årsrekneskap til Rekneskapsregisteret
  • slette selskapet i Føretaksregisteret eller Einingsregisteret
  • krevje selskapet konkurs til tingretten