Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Detaljar om innsending av årsrekneskap

Sist oppdatert: 7. mai 2019 .

Her finn du ei oversikt over kva du må sende inn saman med årsrekneskapen.

Har du plikt til å levere årsrekneskap til oss, må du sende inn

Næringsoppgåva til Skatteetaten vil ikkje bli godkjend som resultatrekneskap og balanse.

Dersom selskapet er morselskap i konsern, skal du i tillegg sende inn

  • resultatrekneskap for konsernet
  • balanse for konsernet
  • notar til rekneskapen for konsernet
  • revisjonsberetning for konsernet
  • kontantstraumoppstilling for konsernet

Om konsernet som heilskap fell inn under reglane om små føretak, treng de ikkje å utarbeide og sende inn konsernrekneskap. Det finst også fleire unnatak. Kontakt revisor om du er i tvil.

Alle vedlagde dokument må vere tydeleg lesbare og de må sende dei inn samla i ei sending.

Du må også legge ved dispensasjon frå Skattedirektoratet i desse tilfella:

  • om årsrekneskapen ikkje er på norsk.
  • om det ikke er utarbeidd konsernrekneskap når morselskapet høyrer heime i annan stat enn EØS-stat.