Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Forside bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Forside nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Innsending av årsrekneskap

Sist oppdatert: 2. juli 2020 .

Alle innsendingspliktige verksemder skal sende årsrekneskap til Rekneskapsregisteret seinast 31. juli.

Utsett frist for årsrekneskapen i 2020

I år er fristen for å fastsette årsrekneskapen utsett med to månader. For å unngå forseinkingsgebyr er siste frist 30. september, men vi oppmoder om å sende årsrekneskapen så tidleg som mogleg.

Det er ikkje mogleg å få lengre frist.

Utsett frist gjeld ikkje for børsnoterte føretak eller føretak under tilsyn av Finanstilsynet.

Om verksemda ikkje overheld fristen, får de eit gebyr som kan bli 60 944 kroner.

Når årsrekneskapen er saksbehandla, vil verksemda få tilbakemelding i innboksen i Altinn, med varsling på e-post eller SMS.

Om du har sendt årsrekneskapen innan fristen, vil du få to veker til å rette opp feil eller manglar utan at de får forseinkingsgebyr.

Du må sende årsrekneskapen til Rekneskapsregisteret i tillegg til skattemeldinga som du sender til Skatteetaten.