Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Slik startar du eit enkeltpersonføretak

2
Registrere enkeltpersonføretaket

Slik startar du eit enkeltpersonføretak

1
Drive næringsverksemd
2
Registrere enkeltpersonføretaket
3
Saka blir behandla
Gratulerer med enkeltpersonføretaket!

Registrere enkeltpersonføretaket

Du må registrere enkeltpersonføretaket i Einingsregisteret for å få organisasjonsnummer.

Nokre har også plikt til registrering i Føretaksregisteret.

Må føretaket mitt registrerast i Føretaksregisteret?

Du har plikt til å registrere enkeltpersonføretaket ditt i Føretaksregisteret om du:

  • driv sal av varer som er kjøpt inn for vidaresal
  • har meir enn fem tilsette
  • er betalingsføretak, eller
  • skal ha pant i varelager, motorvogn og anna der pantsetter er næringsdrivande

Sjølv om du ikkje har plikt til å registrere føretaket i Føretaksregisteret, kan du likevel gjere det om du ønsker. Registrering vil gi deg ein firmaattest. Det er gebyr for registrering i Føretaksregisteret.

Kva må eg tenke på når eg skal velje namn til føretaket mitt?

Namnet på enkeltpersonføretaket skal innehalde etternamnet ditt. Du må nytte namnet som er registrert i Folkeregisteret. Her kan du lese meir om val av namn og kva omsyn du må ta.

Kva må eg tenke på når eg skal beskriva aktiviteten eg skal drive?

Det er viktig at du gir ei nøyaktig beskriving av aktiviteten du skal drive. Du må beskrive kva som blir produsert, kva som skal kjøpast og seljast eller kva tenester som skal utførast og på kva måte. Beskrivinga du gir er grunnlaget for næringskoden føretaket ditt vil få. Du kan drive fleire aktivitetar i same enkeltpersonføretak.

Eksempel på kor detaljert beskrivinga skal vere:

  • Jordbruk: Dyrking av korn. Mjølkeproduksjon på storfe.
  • Transport: Godstransport på veg. Drosjebiltransport
  • Handel: Butikkhandel med daglegvarer. Nettbutikk med sportsutstyr.
  • Bygg og anlegg: Grunnarbeid. Rørleggararbeid. Målararbeid.

Korleis registrerer eg føretaket?

For å registrere enkeltpersonføretaket må du fylle ut skjemaet Samordna registermelding. Når du har fylt ut skjemaet må du signere elektronisk.