Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Slik startar du eit enkeltpersonføretak

Gratulerer med enkeltpersonføretaket!

Slik startar du eit enkeltpersonføretak

1
Drive næringsverksemd
2
Registrere enkeltpersonføretaket
3
Saka blir behandla
Gratulerer med enkeltpersonføretaket!

Gratulerer med enkeltpersonføretak

Enkeltpersonføretaket får tildelt organisasjonsnummer så snart det blir registrert.

Du får da eit varsel på SMS eller e-post. Vi sender registerutskrifta til innboksen din i Altinn, og om føretaket er registrert i Føretaksregisteret får du også ein firmaattest. Du kan kor tid som helst hente ut registerutskrift og eventuelt firmaattest gratis på nettsidene våre. Her kan du finne opplysningane som er registrert om føretaket ditt.

For enkeltpersonføretak registrert i Føretaksregisteret blir nyregistreringa kunngjort på brreg.no. Kunngjering av nyregistrering inneheld alltid opplysning om føretaket sitt namn, organisasjonsform, organisasjonsnummer, formål, forretningsadresse og innehavar. Om føretaket har revisor eller dagleg leiar inneheld kunngjeringa opplysningar om dette også. Sjå kunngjeringar.

Etter nokre dagar sender vi ut faktura til den som vart oppgitt som mottakar ved registrering. Du finn fakturaen i innboksen i Altinn.

Gebyr for registrering.

Plikter som oppstår ved å registrere eit enkeltpersonføretak

Når du har registrert føretaket oppstår ein del plikter ovanfor ulike etatar.

Til Brønnøysundregistera må du

  • melde frå når det skjer endringar i registrerte opplysningar

Ny i næringslivet? Sjå opp for juks.