Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Slik startar du eit enkeltpersonføretak

1
Drive næringsverksemd

Drive næringsverksemd

For at du skal kunne registrere eit enkeltpersonføretak må du drive næringsverksemd.

Næringsverksemd er aktivitet som føregår over tid og som er eigna til å gi avkastning. Det er du som har fullt personleg ansvar for næringsverksemda i ditt enkeltpersonføretak.

Driv eg næringsverksemd?

Desse punkta kan hjelpe deg å vurdere om du driv næringsverksemd:

  • Kva aktivitet driv du? Kan du tene pengar på dette?
  • Kor mykje tid går med til å drive føretaket? Bruker du lita tid kan det tyde på hobbyverksemd.
  • Kor stor er den økonomiske omsetninga? Om ho er lita kan det tyde på at du ikkje driv næringsverksemd.

Aktivitetar som er reine eingongshendingar eller hobbyverksemd er ikkje næringsverksemd, og kan derfor ikkje bli registrert som enkeltpersonføretak.

Eksempel på hobbyverksemd

  1. Per jobbar heiltid som lærar og snekrar fuglebur på fritida. Desse ønsker han å selje på byen sin årlege julemarknad for å dekke utgiftene.
  2. Liv driv med fotografering og tar nokre små oppdrag som av og til gir litt inntekt. Ho har ikkje til hensikt å starte eit føretak, men å drive med ei verksemd som ho kan tene litt pengar på.

Når blir dette næringsverksemd?

  1. Salet av fuglebura vart ein suksess og Per har fått mange førespurnader både frå fjern og nær. Han snekrar heile året og brukar størsteparten av fritida si på snekringa av fuglebura. Nå ønsker han å selje på fleire julemarknader, og han ser på moglegheitene for snekring som ei ekstra inntektskjelde. Denne aktiviteten ønsker han å fortsette med fleire år på rad og kanskje utvide til andre produkt. Planen på lang sikt er å drive med dette på heiltid.
  2. Liv er ein god fotograf og ho får mange førespurnader frå både privatpersonar og næringslivet. Tida som går med til fotografering og administrering av oppdraga aukar betrakteleg. Liv ser nå på moglegheiter til å kunne satse på fotografering som si hovudinntektskjelde.