Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Slik registrerer du endringar for enkeltpersonføretaket ditt

Sist oppdatert: 19. april 2018 .

Dersom du ønsker å gjere endringar på den informasjonen som er registrerte på enkeltpersonføretaket ditt, kan du gjere dette ved å sende inn Samordna registermelding i Altinn.

Korleis kan eg endre registrert adresse?

Du registrerer ny adresse ved å sende inn Samordna registermelding i Altinn.

Ny forretningsadresse

Forretningsadressa er den same som besøksadressa til føretaket. Du må føre opp norsk adresse, med namn på gate eller veg, eventuelt stadnamn.

Ny postadresse

Dersom du ønsker posten send til ei anna adresse enn forretningsadressa, kan du melde dette som postadresse.

Korleis endrar eg namnet?

Du registrerer nytt namn ved å sende inn Samordna registermelding.

Namnet på enkeltpersonføretaket skal innehalde etternamn på innehavar. Du må nytte det folkeregistrerte etternamnet.

Om enkeltpersonføretaket er registrert i Einingsregisteret, er endringa gratis. Det kjem gebyr på endring av namn som er registrert i Føretaksregisteret.

Om du endrer etternamnet ditt hos Folkeregisteret, for eksempel dersom du gifter deg, skal du melde endring av føretaksnamn til oss. Denne endringa er gratis. Om du i tillegg gjer andre endringar i føretaksnamnet, fører det med seg gebyr.

På sida Korleis vel eg namn på selskapet mitt? kan du lese meir om val av namn og kva omsyn du må ta.

Korleis endrer eg verkemd/næringskode?

Når du har endra kva verksemd/bransje du driv i enkeltpersonføretaket ditt, må du registrere desse endringane hos oss. Dette gjer du ved å sende inn Samordna registermelding.

Den forklaringa du gir i skjemaet er grunnlaget for den næringskoden føretaket ditt vil få. Det er derfor viktig at du gir ei så nøyaktig forklaring som mogleg av den aktiviteten som blir driven i føretaket. Korrekt næringskode vil då bli sett.

Korleis endrar eg kontaktinformasjon?

Du endrar kontaktinformasjonen som er registrert hos oss ved å sende inn Samordna registermelding.

Korleis endrar eg enkeltpersonføretaket mitt til eit AS?

Du kan ikkje registrere direkte omdanning frå enkeltpersonforetak til aksjeselskap. Du må derfor

  1. registrere det nye aksjeselskapet
  2. slette enkeltpersonføretaket

For at omdanninga skal kunne vere skattefri, må aksjeselskapet vere stifta og melding om dette sendt til Føretaksregisteret i løpet av tidsrommet mellom 1.januar og utgangen av juni i inntektsåret, og det må vere gjennomført skattetrekk og utrekna arbeidsgivaravgift seinast frå 1. juli. Les meir om skattefri omdanning under Starte og drive bedrift i Altinn.

Kan eg registrere ny innehavar?

Det er ikkje mogeleg å endre innehavar i eit enkeltpersonføretak. Dette er fordi føretaket har fullt personleg ansvar for gjeld og plikter føretaket har.

Berre når gjenlevande ektefelle sit i uskifte kan enkeltpersonføretak skifte innehavar.