Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Registrere eit enkeltpersonføretak

Enkeltpersonføretak må registrerast i Einingsregisteret for å få eit organisasjonsnummer.

Om du driv med kjøp og sal av varer, har fleire enn fem tilsette eller skal ta pant i varelager eller utfører betalingstenester, må du registrere deg i Føretaksregisteret.

Registrering i Einingsregisteret er gratis.

Det kjem gebyr på registrering i Føretaksregisteret.

Du må som hovudregel vere myndig (18 år) for å kunne opprette eit enkeltpersonføretak. Du treng ikkje å vere busett i Noreg, men føretaket må ha adresse i Noreg.

Vedleggskrav

Det er i utgangspunktet ikkje krav til å legge ved dokument når du registrerer eit enkeltpersonføretak.

Namn på føretak

Namnet på enkeltpersonføretaket skal innehalde etternamn på innehavar. Du må nytte det folkeregistrerte etternamnet.

Om du ikkje melder etternamnet ditt som del av føretaksnamnet ditt, vil vi legge til heile namnet ditt ved registrering hos oss.

Du kan lese meir om val av namn og kva omsyn du må ta på sida Korleis vel eg namn på selskapet mitt?

Mindreårig innehavar

Utgangspunktet er at du må vere fylt 18 år for å kunne drive næringsverksemd og registrere eit enkeltpersonføretak. Er du ikkje fylt 18 år, kan du likevel drive næringsverksemd dersom

  • du er fylt 15 år, og
  • verja di gir deg løyve, og
  • fylkesmannen godkjenner løyvet

Næringsverksemd som er arva

Om ein mindreårig overtar ei verksemd ved arv, kan verja, med samtykke frå fylkesmannen, drive verksemd på vegner av den mindreårige.

Vedleggskrav ved registrering

  • kopi av brev frå verja som viser løyvet
  • kopi av samtykke frå fylkesmannen
Utgreiing av verksemd

Du må gi ei så nøyaktig utgreiing som mogeleg av den aktiviteten som blir driven i føretaket. Det er ikkje nok å gi opp ei generell utgreiing. Derfor må du utgreie kva som eventuelt blir produsert/seld eller kva tenester/aktivitetar som blir utført.

Her ser du eksempel på kor detaljert utgreiinga må vere:

  • Jordbruk: Dyrking av korn. Melkeproduksjon på storfe.
  • Transport: Godstransport på veg. Drosjebiltransport.
  • Handel: Butikkhandel med daglegvarer. Nettbutikk med sportsutstyr.
  • Industri: Produksjon av musikkinstrument. Produksjon av møblar. Produksjon av gull og sølvvarer.
  • Bygg og anlegg: Grunnarbeid. Røyrleggararbeid. Målararbeid.
  • Konsulentverksemd: Bedriftsrådgiving. Teknisk rådgiving innan oljesektor. Byggteknisk konsulentverksemd. Arkitektverksemd innan byggverk.

Driv du aktivitet i fleire bransjar, må du gi opp kvar enkelt av dei i rekkefølge etter storleiken på omsetting eller sysselsetting.

Verksemdsutgreiinga dannar grunnlag for næringskoden til føretaket. Her kan du lese meir om næringskodar.