Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Ektepaktrettleiar

3
Må vi tinglyse ektepakta?

Må vi tinglyse ektepakta?

Tinglysing gir rettsvern for gåver.

Ektepakter som inneheld gåver mellom ektefellane, må tinglysast for at gåva skal få rettsvern. Består gåva av fast eigedom, må de tinglyse ektepakta både hos oss og Kartverket for å få rettsvern. Når gåva du fekk får rettsvern, kan du vere beskytta mot givaren sine kreditorar. Pris for tinglysing finn du i gebyroversikta vår.

De kan tinglyse ei ektepakt som ikkje inneheld gåve, då lagrer vi ein kopi av ho hos oss. Ei tinglyst ektepakt er offentleg tilgjengeleg, og det er mogleg å bestille ein kopi av ho. Sjå oversikt over korleis du bestiller og kva det kostar.

Sjølv om ektepakta både kan opprettast og tinglysast før ekteskapet er inngått, er den ikkje gjeldande før de er gift.