Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Ektepaktrettleiar

2
Kva kan vi avtale i ektepakta?

Kva kan vi avtale i ektepakta?

Det er viktig at de har god kjennskap til reglane før de opprettar ei ektepakt.

Det er ekteskapslova kapittel 9 som bestemmer kva de kan avtale. Det kan vere ei god investering at de får hjelp av ein advokat til å sette opp ektepakta.

Vi har ikkje moglegheit til å gi råd om kva de bør avtale i ektepakta. Ved tinglysing utfører vi ein kontroll av at de har oppfylt krava til oppsett av ei ektepakt, men vi tar ikkje stilling til om innhaldet i ektepakta er gyldig eller ikkje. De har sjølv ansvar for at ho er korrekt.

Oversikt over dei mest vanlege avtalane

Særeige

Om de ønsker å ha ei anna ordning enn felleseige, kan de avtale særeige i ei ektepakt. Ved å avtale særeige kan eit framtidig oppgjer bli meir føreseieleg. Avtale om særeige betyr at verdiar de eig blir haldne utanfor deling om de skil dykk, eller ein av dykk døyr.

  • Fullt særeige inneber at verdien av alt kvar av dykk eig ikkje skal delast ved skilsmisse eller død. Ingenting vil da vere felleseige.
  • Delvis særeige er avgrensa til å gjelde spesifikke verdiar, eller delar av desse, som ikkje skal delast ved skilsmisse eller død.

De kan avtale ulike vilkår i ektepakta. De kan for eksempel avgrense særeiget til å gjelde for eit bestemt tal år eller til eit bestemt tidspunkt. Det er også mogleg å avtale at særeiget blir felleseige om de får barn saman eller om ein av dykk døyr.

Om de byter ut eller sel ein eigedel som er særeige, vil det den enkelte av dykk får for eigedelen framleis vere særeige. Avkastning av særeige vil også vere særeige. Om de ikkje ønsker ei slik ordning, kan de for eksempel avtale at avkastninga ikkje skal vere særeige.

Rett til å sitte i uskifte med særeige

Om de ønsker å utsette arveoppgjeret, når ein av dykk døyr, kan de avtale rett til å sitte i uskifta bu med avdøde sine særeigemidlar i ektepakt. Når ein av dykk døyr, har den andre berre rett til dette om det er avtalt i ektepakt. Om avdøde har barn med andre enn attlevande, må dei gi samtykke til at den attlevande får sitte i uskifte. Eit slikt samtykke kan ikkje tinglysast, men de kan ta det med på side fire i ektepaktskjemaet.

De kan avgrense moglegheita til å sitte i uskifta bu med særeige til å gjelde spesifikke gjenstandar eller verdiar. De kan også sette som vilkår at uskifte med særeige berre skal gjelde for ein tidsavgrensa periode. Vilkåra de avtaler kan ikkje stride mot ekteskapslova eller anna lovgiving.

Seie frå seg retten til å krevje skeivdeling

I ei ektepakt kan de avtale at det ikkje skal vere mogleg å krevje skeivdeling når ekteskapet blir avslutta. Dette kan gjelde for heile eller delar av verdiar som du hadde med inn i ekteskapet, og det du seinare har fått i arv eller gåve frå andre enn ektefellen.

De kan også

  • avtale at skeivdelingsformuen skal delast likt dersom skiftet skjer etter eit bestemt tidspunkt
  • avtale at skeivdelingsformuen skal delast likt dersom de får barn saman
  • avtale at retten til å krevje skeivdeling skal vere ulik ved skilsmisse og død

De kan kombinere alternativa slik at avtalen passar dykk.

De kan ikkje avtale i ei ektepakt kva som skal skeivdelast når ekteskapet blir avslutta.

Gåver mellom ektefellar

Dersom de skal gi kvarandre gåver som for eksempel eigedom, båt eller bil, må de ta dette med i ektepakta for at gåva skal vere gyldig. De må tinglyse ektepakta for å få rettsvern for gåva. Dette gjeld ikkje for gåver som blir sett på som vanlege, og heller ikkje gåver som består i pensjon, livsforsikring, livrente eller liknande økonomiske ordningar som sikrar den andre ektefellen.

De kan også avtale vilkår for gåva. Dei mest vanlege er burett, bruksrett og forkjøpsrett. De kan ikkje avtale at gåva skal bli tilbakeført til givaren om ekteskapet tar slutt.

Om du skal gi eigedom i gåve til ektefellen din, må de også sørge for tinglysing av nytt eigarforhold hos Kartverket for å få rettsvern for gåva.

Når de gir kvarandre gåver, er det eigedomsretten til gåva som blir gitt bort. Om gåva ikkje er gjort til mottakar sitt særeige, vil verdien av gåva vere ein del av felleseige som i utgangspunktet skal delast likt ved skifte.

Avtalar som ikkje kan tinglysast i ei ektepakt

Om de ønsker å ha med avtalar i ektepakta som ikkje kan tinglysast, er det mogleg å skrive dette på side fire i ektepakta. Openbart ugyldige avtalar vil ikkje bli godtatt. Om de er i tvil, anbefaler vi at de tar kontakt med ein advokat for å få råd og rettleiing.

Eksempel på kva de kan ta med, men som ikkje kan tinglysast, er

  • avtalar mellom dykk som omfattar lån og gjeld
  • avtalar om burett, bruksrett og forkjøpsrett, med mindre retten er eit vilkår for ei gåve
  • samtykke om rett til å sitte i uskifta bu
  • avtale om fordeling av arv, men de må sjølv syte for at krava til testamentet er oppfylte