Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Ektepaktrettleiar

4
Fyll ut skjema

Fyll ut skjema

Slik fyller de ut skjemaet.

For å få tinglyst ei ektepakt må de bruke godkjent skjema. Dette finn de i skjemakatalogen vår. Her viser vi deg korleis du fyller ut kvart enkelt felt i skjemaet.

Innsendar

Du må fylle ut alle felt, men om du ikkje har kundenummer hos oss, kan du sende inn skjemaet utan.

Opplysningar om ektefellar eller partnarar

Du må fylle ut alle felt. Om ein av dykk ikkje har norsk fødselsnummer eller d-nummer, må du legge ved søknad om å få tildelt d-nummer.

Ekteskapleg status

Kryss av for eitt av alternativa.

Avtale om

Kryss av for alternativ 1, 2 eller 3.

Alternativ 1 – dersom dette er første gongen de opprettar ei ektepakt saman.

Alternativ 2 – om de har ektepakt(er) frå før og ønsker å oppheve alt de har avtalt i tidlegare. Da blir berre denne nye ektepakta gjeldande.

Alternativ 3 – om de har ektepakt(er) frå før og ønsker å endre eller supplere det de tidlegare har avtalt. Avtalene i tidlegare ektepakt(er) vil da kome i tillegg til den nye ektepakta.

Gåve

Kryss her om de ønsker å gi kvarandre ei gåve. Gåva må eigast av den som gir ho bort på tidspunktet de inngår ektepakta. Vanleg innbu i felles heim som skal skaffast i framtida kan de likevel gi som framtidig gåve.

De må spesifisere gåva og kven av dykk som er givar og mottakar. Dette gjer de på side tre som supplerande tekst.

Særeige

Kryss av for eitt av alternativa.

Fullt særeige

Dette vel de om alt de eig no og skaffar dykk seinare skal vere særeige. Verdien av alle eigedelane vil da bli haldne utanfor deling når ekteskapet er slutt og ingenting vil vere felleseige. Her er det ikkje nødvendig å spesifisere nærare kva de eig på side tre.

Delvis særeige

Dette vel de om berre delar av verdiane skal vere særeige. Det må gå klart fram på side tre i skjemaet kva som skal vere særeige og kven dette gjeld for. Særeiget kan de oppgi på mange måtar, for eksempel som brøk eller prosentdelar. De kan ikkje ha særeige på verdiar som den andre eig.

Om det ikkje er nok plass  på side tre i ektepakta, kan de legge ved ei liste over alle eigedelar som skal vere særeige. Lista må vere underteikna av dykk begge.

Særeige i live, felleseige ved død

Her kan de berre krysse av om de har avtalt særeige i denne ektepakta eller i tidlegare ektepakt. Om de vel at særeige blir felleseige ved død, betyr det at avtalen om særeige ikkje gjeld ved død. Dette vil vere gjeldande uansett kven som døyr først.

De kan også velje at særeige ikkje gjeld om ein bestemt av dykk døyr først. De må da krysse av for eitt av dei to andre alternativa. Bruker de skjemaet vårt som ikkje har denne moglegheita for å krysse av for desse alternativa, kan de spesifisere dette på side tre i skjemaet.

Uskifte med særeige

Her kan de berre krysse av om de har avtalt særeige enten i denne ektepakta eller i tidlegare ektepakt. Kryssar de av for at begge skal ha rett til å sitte i uskifta bu med den andre sitt særeige, vil dette seie at den lengstlevande overtar alt de eig til saman og arveoppgjeret blir utsett.

De kan også velje at berre ein av dykk skal ha moglegheit til å sitte i uskifta bu med den andre sitt særeige. Da må de krysse av for eitt av dei to andre alternativa. Bruker de skjemaet vårt som ikkje har denne moglegheita for å krysse av for desse alternativa, kan de spesifisere dette på side tre i skjemaet.

Felleseige

Kryss av for eitt av alternativa.

Om de i tidlegare ektepakt har avtalt særeige og ønsker å gå tilbake til felleseige for heile særeiget, kryssar de av for alternativ 1.

Om de i tidlegare ektepakt har avtalt særeige og ønsker å gå tilbake til felleseige for delar av særeiget, kryssar de av for alternativ 2. De må spesifisere kva som skal gjerast om til felleseige. Dette gjer de på side tre i skjemaet.

Felleseige  –  unntak frå skeivdeling

Ønsker de begge å seie frå dykk retten til skeivdeling av felleseige, kryssar de av for at formuen ikkje skal skeivdelast.

Om berre ein av dykk ønsker  å seie frå seg retten til skeivdeling av felleseige, kryssar de av for eitt av dei to andre alternativa. Bruker de skjemaet vårt som ikkje har denne moglegheita for å krysse av for desse alternativa, kan de spesifisere dette på side tre i skjemaet.

De kan bestemme at ein del av formuen ikkje skal skeivdelast, at skeivdelingsformuen skal delast likt om skiftet skjer etter eit bestemt tidspunkt eller om de får barn saman. Dette må de spesifisere på side tre i skjemaet.

Felleseige –  skeivdeling i live, likedeling ved død

Ønsker de å avtale at begge dykkar skeivdelingsformue skal delast likt ved død, kryssar de av for alternativ 1.

Ønsker de at avtalen skal gjelde om ein bestemt av dykk døyr først, kryssar de av for eitt av dei to andre alternativa.

Bruker de skjemaet vårt som ikkje har denne moglegheita for å krysse av for desse alternativa, kan de spesifisere dette på side tre.

Underskrifter

Alle sidene i ektepakta må vere underskrivne av dykk begge. I tillegg skal to vitne bekrefte underskriftene på side fire. Dette er eit krav i ekteskapslova § 54.

Alle kan signere samstundes, eller de kan bekrefte underskriftene dykkar når vitna signerer. Om berre den eine av dykk oppnår fordelar av ektepakta, er det nok at berre den andre underskriv. Kravet til vitne er likevel det same.

Vitna må vere myndige, godtatt av dykk begge og vite at det er ei ektepakt som skal bli inngått. Dei treng ikkje å vite innhaldet i ektepakta.

Send utfylt skjema til

Brønnøysundregistera
Ektepaktregisteret
Postboks 905
8910 Brønnøysund