Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Ektepaktrettleiar

Ektepakta blir tinglyst

Ektepakta blir tinglyst

Kva skjer etter at de har sendt inn skjema for ektepakt?

Ektepakta blir no kontrollert av oss og tinglyst om alt er i orden. Saksbehandlingstida kan vere opptil fjorten dagar.

Her ser du saksbehandlingstida for augeblikket:

Tinglysing ektepakt
3
arbeidsdagar

Når ektepakta er tinglyst, blir ho påført eit tinglysingsstempel. Vi sender originalen tilbake til deg som har sendt inn skjemaet. De får også tilsendt ein panteattest. Han vil ikkje vise fullstendig innhald i ektepakta, berre det de har kryssa av for i skjemaet. Panteattesten viser også om det står tinglyst noko anna på dykk i Lausøyreregisteret.

Faktura for tinglysinga blir send per post til innsendar i etterkant. Pris for tinglysing finn du i oversikta vår over gebyr.

Det er mogleg å bestille kopi av ektepakta ved å ringe oss. Her finn du oversikt over kva det kostar.  Panteattest kan du sjølv bestille i nettbutikken.

Skal de endre ektepakta?

Om de skal endre, legge til noko eller oppheve ektepakta, må de inngå ei ny ektepakt.

Sletting av ektepakt

Det er berre mogleg å slette ektepakt ved skilsmisse eller død, eller om ekteskapet aldri vart inngått.

Les meir om sletting av ektepakt.