Språk
S√łk
Meny

S√łk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Ektepakt

Sist oppdatert: 14. februar 2020 .

I rettleiaren vår kan du sjå korleis du går fram for å tinglyse ei ektepakt.

Her finn du ei oversikt over ofte stilte sp√łrsm√•l om ektepakt.

Sp√łrsm√•l om skjema

Kvar finn eg skjema for ektepakt?

Her finn du skjema for å tinglyse ektepakt. Ver merksam på at det fins eigne skjema for ektefellar og for registrerte partnarar.

Pass på at alle sidene i skjemaet har underskriftsfelt.

Vi treng hjelp til å fylle ut skjemaet, kva gjer vi?

De kan lese om dette i ektepaktrettleiaren vår. Der viser vi steg for steg korleis de fyller ut skjemaet.

Treng de r√•d og rettleiing utover dette, b√łr de ta kontakt med ein advokat. Vi gir ikkje r√•d om korleis de kan fordele verdiane i ektepakta.

Kva gjer vi n√•r ein eller begge ikkje har norsk f√łdselsnummer?

Da m√• de sende ein s√łknad om √• f√• tildelt d-nummer saman med ektepaktskjemaet.

I s√łknadsskjemaet st√•r det kva dokumentasjon de m√• legge ved og kven som kan bekrefte kopi av legitimasjon.

Kva er kundenummeret mitt?

Har du ikkje eit kundenummer hos oss, lar du dette feltet i skjemaet stå ope.

Kven skal underskrive ektepakta?

Ektepakta må vere signert av dykk begge. I tillegg skal to myndige vitne skrive under på side fire. De kan lese meir om underskriftskrava i ektepaktrettleiaren vår.

Vi vil tinglyse ektepakta, kvar skal vi sende skjemaet?

Ektepaktskjemaet sender de til

Ektepaktregisteret
Br√łnn√łysundregistera
Postboks 905
8910 Br√łnn√łysund

Ver merksam p√• at de ogs√• m√• tinglyse ektepakta hos Kartverket for √• f√• rettsvern, om de overf√łrer fast eigedom mellom kvarandre.

Vi har skrive feil seksjons-, gards- eller bruksnummer for eigedom i ektepakta, kva gjer vi?

De må rette det opp i den originale ektepakta. Send inn ektepakta på nytt og legg ved ei forklaring i eit eige brev. Brevet må vere underskriven av dykk begge eller av ein advokat som representerer dykk.

Kva er pålagt særeige?

Om du mottar verdiar i form av arv eller g√•ve, kan givar bestemme i testamente, g√•vebrev eller sk√łyte at dette skal vere ditt s√¶reige. Dette er verdiar som blir haldne utanfor deling n√•r ekteskapet tar slutt, sj√łlv om de elles har fullstendig felleseige.

Sp√łrsm√•l om tinglysing

Ektepakta er nekta tinglyst p√• grunn av feil f√łdselsnummer, kva gjer vi?

Om de har skrive feil f√łdselsnummer i skjemaet, retter dykk det og sender skjemaet p√• nytt til oss.

Kostar det noko å tinglyse ei ektepakt?

Ja, om du √łnsker √• tinglyse ektepakta m√• du betale eit gebyr. Sj√• oversikt over gebyr.

Kva gjer vi om vi ikkje √łnsker √• tinglyse ektepakta likevel?

De kan berre tilbakekalle ektepakta om ho ikkje er ferdig tinglyst. De kan gjere dette saman eller gjennom ein advokat som representerer dykk begge. Om de √łnsker √• tilbakekalle ektepakta, sender de ein e-post til oss. For at vi skal stoppe tinglysinga, er det viktig at det g√•r klart fram kva ektepakt det gjeld. Hugs √• ta med namn og f√łdselsdato til dykk begge. Ta ogs√• med kundenummer om de har det.

Må vi ha testament i tillegg til ektepakt for det som gjeld arv?

Vi tilrår at de tar kontakt med advokat for råd og rettleiing om arv og testamente.

Er ektepakta gyldig i andre land?

Ei ektepakt som er gyldig inngått i eit nordisk land er også gyldig i dei andre nordiske landa.

Om de lurer på om ektepakta er gyldig utanfor Norden, kan de ta kontakt med ambassaden for det aktuelle landet.

Sp√łrsm√•l om endring eller sletting av ektepakt

Ekteskapet er over, kvifor er ikkje ektepakta sletta?

Ektepakta blir ikkje automatisk sletta n√•r ekteskapet er over, de m√• sj√łlv gi oss beskjed om at vi skal slette den. Det er nok at ein av dykk ber om √• f√• slette ektepakta. Advokat som representerer dykk begge kan ogs√• be om sletting.

Det er berre mogleg √• slette ektepakta etter at buet er delt ved skilsmisse eller d√łd.

Her kan du lese meir om sletting av ektepakt.

Korleis endar eller opphevar vi ektepakta?

Skal de endre eller oppheve ektepakta, må de inngå ein ny.

Sjå ektepaktrettleiaren vår for å få hjelp til dette.

Vi vil ikkje ha særeige lengre, kan vi slette ektepakta?

S√• lenge de er gift kan de ikkje slette ektepakta. √ėnsker de √• g√• tilbake til felleseige, m√• de opprette ei ny ektepakt.

Sjå ektepaktrettleiaren vår for å få hjelp til dette.

Sp√łrsm√•l om korleis vi kan f√• sj√• ei ektepakt

Korleis kan eg finne ut om nokon har tinglyst ei ektepakt?

Du kan bestille ein panteattest i nettbutikken v√•r. Du m√• oppgi f√łdselsnummer til personane det gjeld. Vi sender deg panteattesten gratis p√• e-post.

Panteattesten viser om det er tinglyst ei ektepakt etter 1981 eller andre hefte p√• personen i Laus√łyreregisteret, men den viser ikkje innhaldet i ektepakta. Trur du det er tinglyst ei ektepakt hos oss f√łr 01.01.1981, m√• du kontakta oss p√• telefon for √• bestille ein slik panteattest.

Korleis får eg vite innhaldet i ektepakta?

Du kan bestille kopi av ei ektepakt om du √łnsker √• sj√• fullstendig innhald. Her kan du sj√• kva dette kostar.

Du må kontakte oss på telefon for å bestille.