Sjekk status på saka di

Sist oppdatert: 2. februar 2018 .

Status på den innsende meldinga di kan som regel finnast i innboksen i Altinn.

Er meldinga mi komen fram? Når blir ho behandla? Vi kan ikkje seie deg eksakt når meldinga vil vere ferdigbehandla, fordi det er avhengig av den innkomne saksmengda. Informasjon om dette kan du finne på sida for saksbehandlingstid.

Har du sendt inn meldinga elektronisk via Altinn, vil du få tilbakemelding i «Innboksen» i Altinn så snart meldinga er ferdigbehandla.

Meldingar som er mottatt og ligg til saksbehandling

Ved å følge stega vist nedanfor kan innsendar av meldinga sjekke status ved å gå til innboksen i Altinn. For å finne meldinga, må du representere deg sjølv som privatperson.

Klikk på meldinga du finn i innboksen:

Skjermbilde innsendt melding

Meldinga utvidar seg, og du kan deretter klikke på lenka «Opne skjema» i meldinga:

Skjermbilde åpne skjema

Nå kan du sjå kor meldinga ligg i saksbehandlingsprosessen. I bildet under kan du sjå at meldinga enno ikkje er sendt til Brønnøysundregistera, men at ho er send til signering i Altinn. Når alle har vore inne og signert elektronisk, så går meldinga inn til saksbehandling.

Skjermbilde status