Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Heilelektronisk saksbehandling

Sist oppdatert: 7. august 2019 .

Stadig fleire av endringane du sender til oss blir registrert heilelektronisk.

Sender du inn ei endring på for eksempel dagleg leiar eller rekneskapsførar via Samordna registermelding, blir dette automatisk registrert i Einings- og Føretaksregisteret. Enkelte endringar i Frivilligregisteret blir også registrert automatisk.

Du får svar innan ein time, og når endringa er registrert, får du oppdatert registerutskrift og eventuell firmaattest.

Desse endringane blir behandla heilelektronisk

Endringar i Einings- og Føretaksregisteret:

  • rekneskapsførar
  • dagleg leiar
  • kontaktperson
  • forretningsførar
  • revisor si fråtreding
  • styrefråtreding
  • signatur
  • prokura
  • forretningsadresse
  • postadresse
  • e-postadresse
  • heimeside
  • telefon
  • mobiltelefon
  • telefaks
  • tilsette
  • målform
  • sletting av enkeltpersonføretak
  • gjennomføring av fusjon mellom mor/dotterselskap
  • gjennomføring av fusjon mellom selskap eigd av same eigar

Om du sender inn fleire meldingar om gjennomføring av fusjonar på same dag, vil berre første gå til maskinell behandling.

Endringar i Frivilligregisteret:

  • Ønsker ikkje at vedtektene skal vere registrert
  • Registrering av nytt eller endring av kontonummer
  • Kontonummer går ut for dei som ikkje deltar i grasrotordninga
  • Ønsker ikkje deltaking i grasrotdelen

Dersom du ikkje får svar innan ein time

Det finst nokre få område der vi ikkje behandlar enkle meldingar heilelektronisk, for eksempel når endringsmeldinga inneheld eit vedlegg. Det kan også vere dersom de har sendt inn ei anna melding som ligg til behandling i Einings- eller Føretaksregisteret, eller om det er manglar knytt til saka. Ved melding om gjennomføring av fusjon vil du ikkje få svar innan ein time.

Dei fleste som sender inn meldingar som blir behandla heilelektronisk vil få svar innan ein time. Likevel har vi systemoppdateringar i løpet av døgnet som kan påverke kor raskt du får svar. Om du for eksempel sender inn laurdag ettermiddag, gjer det at du må vente til måndag før du får svar. I andre tilfelle kan det vere at saka har gått til manuell behandling hos ein saksbehandlar, da kan du sjekke saksbehandlingstidene våre her.