Heilelektronisk saksbehandling i Einings- og Føretaksregisteret

Sist oppdatert: 1. november 2018 .

Stadig fleire av endringane du sender til oss blir registrert heilelektronisk.

Sender du inn ei endring på for eksempel dagleg leiar eller rekneskapsførar via Samordna registermelding, blir dette automatisk registrert i Einings- og Føretaksregisteret.

Du får svar innan ein time, og når endringa er registrert, mottar du oppdatert registerutskrift og eventuell firmaattest.

Desse endringane blir behandla heilelektronisk:

  • Rekneskapsførar
  • Dagleg leiar
  • Kontaktperson
  • Revisor si fråtreding
  • Styrefråtreding
  • Forretningsadresse
  • Postadresse
  • E-postadresse
  • Heimeside
  • Telefon
  • Mobiltelefon
  • Telefaks
  • Tilsette
  • Målform
  • Sletting av enkeltpersonføretak
  • Gjennomføring av fusjon mellom mor/dotterselskap
  • Gjennomføring av fusjon mellom selskap eigd av same eigar

Dersom du ikkje får svar innan ein time

Det finst nokre få område der vi ikkje behandlar enkle meldingar heilelektronisk, for eksempel når endringsmeldinga inneheld eit vedlegg. Det kan også vere dersom de har sendt inn ei anna melding som ligg til behandling i Einings- eller Føretaksregisteret, eller om det er manglar knytt til saka. Er selskapet inne i fleire aktive fusjonar vil heller ikkje melding om gjennomføring av fusjon bli behandla heilelektronisk.

Meldingar som kjem inn til oss på kvardagar etter klokka 20.00 blir behandla frå klokka 07.00 neste dag. Meldingar som kjem inn i helga, etter laurdag klokka 14.00 blir behandla måndag morgon.