Faktura direkte i innboksen i Altinn

Sist oppdatert: 10. september 2018 .

Når du skal registrere noko i Føretaksregisteret som fører med seg gebyr, blir fakturaen send direkte til innboksen i Altinn.

Det er innsendaren av Samordna registermelding som avgjer kven som skal ta imot fakturaen. Dette kan vere

  • eininga registreringa gjeld
  • den som har fylt ut Samordna registermelding
  • anna eining som er registrert i Einingsregisteret

Om fakturaen er send til ei eining, er det dei som representerer eininga i Altinn som kan hente ut fakturaen.

Desse Altinn-rollene gir tilgang til fakturaen i innboksen til eininga:

  • rekneskapsmedarbeidar
  • signerar av Samordna registermelding

Om du ikkje veit kven som har fått fakturaen, vil dette gå fram av meldinga som er send til Brønnøysundregistera. Dette kan innsendar av Samordna registermelding finne informasjon om i innboksen sin i Altinn.

Varsling

I Samordna registermelding finn du eit eige felt for varsling. Den som skal ta imot fakturaen får varsling via SMS eller e-post når fakturaen blir send til innboksen. Om fakturaen ikkje blir lest innan 7 dagar, sender vi ei påminning på SMS eller e-post. Er fakturaen framleis ikkje lest etter 14 dagar, sender vi eit nytt varsel.

Faktura i posten

I nokre tilfelle vil faktura likevel bli send i posten. Dette gjeld

  • meldingar der det er meld fisjon/fusjon
  • purringar