Tvangsoppløysing

Sist oppdatert: 26. januar 2018 .

Dersom komplett årsrekneskap ikkje er sendt til Rekneskapsregisteret seinast 6 månader etter innsendingsfristen, kan dette føre til tvangsoppløysing.

Tingretten kan i slike tilfelle tvangsoppløyse desse einingane:

  • aksjeselskap
  • allmennaksjeselskap
  • bustadbyggjelag
  • samvirkeføretak
  • europeiske føretak

Rekneskapsregisteret sender ut brev kor vi etterlyser årsrekneskapen og gir dykk ny frist med 1 månad for å levere komplett årsrekneskap. Dersom de ikkje overheld fristen, kunngjer vi namna på dei innsendingspliktige einingane som ikkje har oppfylt innsendingsplikta. I kunngjeringa får de ny frist på 4 veker.

Tingretten tvangsoppløyser einingane

Vi informerer dei lokale tingrettane om at det er grunnlag for å tvangsoppløyse einingane dersom de heller ikkje overheld fristen i kunngjeringa. Tingretten tvangsoppløyser einingane utan fleire varsel.

Vi kan ikkje gi lengre frist, og forseinkingsgebyret må betalast.

Dersom de sender inn komplett årsrekneskap til oss etter at vi har informert tingretten, vil vi orientere tingretten om at dette.

Spørsmål om lengre fristar og tilbakelevering av tvangsoppløysingsbu må rettast til tingretten.