Tilbakemelding – årsrekneskap

Sist oppdatert: 10. juli 2017 .

Du får tilbakemelding om årsrekneskapen i meldingsboksen i Altinn og på e-post. Vi sender e-post til e-postadressa/adressene som du registrerte då du sende inn årsrekneskapen og til kontaktinformasjonen som er registrert i Altinn.

Når årsrekneskapen blir godkjend ved Rekneskapsregisteret, sender vi stadfesting om godkjend årsrekneskap til dykk. Dette vil også bli kunngjort.

Dersom årsrekneskapen har manglar/feil og ikkje blir godkjend, sender vi nektingsvedtak kor det står kva som må rettast opp før de må sende inn alt på nytt igjen i ei samla innsending.

Dersom de har sendt inn årsrekneskapen til Rekneskapsregisteret før innsendingsfristen, får de 2 veker til  å rette opp manglar/feil utan at de får forseinkingsgebyr. Dette gjeld ikkje for årsrekneskap som blir innsend etter innsendingsfristen.

For å få opp vedtaket i Altinn, må du ha installert siste versjon av Adobe Reader.