Sende inn årsrekneskap for første gong

Sist oppdatert: 23. januar 2018 .

Einingar som er stifta 30. juni eller tidlegare, må utarbeide årsrekneskap for dette året og sende til Rekneskapsregisteret innan fristen.

Einingar som er stifta 1. juli eller seinare, kan velje å utarbeide årsrekneskap for dette året, eller slå det saman med neste år. Det er ikkje nødvendig å varsle Rekneskapsregisteret om dette. Årsrekneskapen kan maksimalt vere for 18 månader.

Stiftelsesdatoen må ikkje forvekslast med registreringsdatoen i Føretaksregisteret/Einingsregisteret.

Du finn stiftelsesdatoen ved å søke i nøkkelopplysningar. Sjå under Nyttige lenker.