Meir informasjon om rekneskapsplikt

Sist oppdatert: 18. januar 2019 .

Rekneskapspliktige einingar skal utarbeide årsrekneskap som minst består av resultat, balanse og notar.

Rekneskapsinformasjonen skal vere offentleg tilgjengeleg. Einingar som etter rekneskapsloven er små føretak, har forenkla rekneskapsreglar, og derfor ikkje krav om å utarbeide årsmelding.

Kven har rekneskapsplikt?

Det er organisasjonsformen, storleiken på verksemda eller om de er underlagd tilsyn som avgjer om de har rekneskapsplikt.

 

Her finn du ei oversikt over kven dette gjeld
  • Alle aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA)
  • Alle burettslag (BRL) og bustadbyggjelag (BBL)
  • Ansvarlege selskap (ANS/DA) og andre deltakarliknande selskap som har
    • meir enn 5 millionar i salsinntekt
    • tal på tilsette som i gjennomsnitt er meir enn 5 årsverk
    • fleire deltakarar enn 5, eller
    • deltakarar i form av juridiske personar med avgrensa ansvar
  • Enkeltpersonføretak som har
    • eigedelar med verdi over 20 millionar kroner, eller
    • tal på tilsette som i gjennomsnitt er meir enn 20 årsverk
  • Samvirkeføretak og økonomiske foreiningar med meir enn 2 millionar i salsinntekt
  • Andre foreiningar som i løpet av året har hatt eigedelar med verdi over 20 millionar eller tal på tilsette som i gjennomsnitt er meir enn 20 årsverk
  • Eigarseksjonssameige med 21 eller fleire seksjonar
  • Stiftelsar
  • Utanlandske føretak (NUF) som utøver eller deltek i verksemd her i riket eller på norsk kontinentalsokkel, og som er skattepliktig til Noreg etter norsk intern lovgiving
  • Revisorar, rekneskapsførarar og eigedomsmeklarar
  • Andre som etter særskild føresegn, eller i medhald av lov, har rekneskapsplikt

Der rekneskapsplikta avheng av grenser for storleik, kjem rekneskapsplikta til å gjelde når grensa er passert to år på rad. For at rekneskapsplikta skal falle bort igjen, må de kome under grensa to år på rad.