Innsendingsplikt for NUF

Sist oppdatert: 4. februar 2019 .

Norskregistrert utanlandsk føretak (NUF) som utøver eller deltek i verksemd i Noreg eller på norsk kontinentalsokkel, og er skattepliktig til Noreg etter norsk intern lovgiving, har rekneskapsplikt.

NUF som driv næringsverksemd i Noreg har rett og plikt til å registrere seg i Føretaksregisteret. Rekneskapsregisteret føreset at NUF som er registrert i Føretaksregisteret har rekneskapsplikt, og innsendingsplikt til Rekneskapsregisteret. Innsendingsplikta gjeld til eininga er sletta i Føretaksregisteret.

Rekneskapspliktige NUF skal sende inn årsrekneskap med

  • noteopplysningar
  • årsmelding (gjeld ikkje for små føretak)
  • revisjonsmelding

I visse tilfelle er det unnatak frå å levere revisjonsmelding.

Kva rekneskap skal eg sende inn?

Du skal sende inn rekneskapen for den norske filialen. Dersom det utanlandske hovudføretaket har rekneskapsplikt i heimlandet, må du også sende inn den utanlandske rekneskapen. Då skal du legge inn rekneskapstala for det utanlandske hovudføretaket i vedleggsskjemaet, og legge den norske filialrekneskapen med som filvedlegg.

Registrert kontaktperson har tilgang til å sende inn årsrekneskap i Altinn.

NUF har ikkje rekneskapsplikt dersom føretaket i rekneskapsåret

  • ikkje har hatt drift
  • ikkje har hatt skatteplikt etter norsk internlovgiving
  • har hatt omsetning på under 5 millionar norske kroner, og driv midlertidig i Noreg

Unnatak frå skatteplikt på grunn av skatteavtale er ikkje det same som unnatak frå skatteplikt etter norsk intern lovgiving.

Dersom NUF som er registrert i Føretaksregisteret ikkje har rekneskapsplikt, må de melde dette skriftleg for kvart rekneskapsår i kontaktskjema til Rekneskapsregisteret.

Spesielle reglar for innsending av årsrekneskap

Norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) som har rekneskapsplikt etter rekneskapslova1 skal sende inn eit eksemplar av årsrekneskapen, årsmeldinga, revisjonsmeldinga for det føretaket filialen er ein del av, slik desse rekneskapsdokumenta er utarbeidde, revidert og offentleggjort etter  lovgivinga i heimstaten.

Komplett årsrekneskap skal seinast sendast inn samtidig med at dei skal offentleggjerast etter lovgivinga i heimstaten. Ved innsendinga skal det opplysast om når årsrekneskapen er fastsett, og når det skal offentleggjerast etter lovgivinga i heimstaten. Dokumenta skal vere skrivne på eller omsett til norsk, dansk, svensk eller engelsk2.

Rekneskapspliktige etter rekneskapslova skal utarbeide årsrekneskap og årsmelding i samsvar med føresegnene i rekneskapslova3. For norskregistrerte utanlandske føretak vil rekneskapsplikta som hovudregel innebere at det i tillegg til rekneskapsdokument som er utarbeidd, revidert og offentleggjort etter lovgivinga i heimstaten, må utarbeidast og sendast inn ein særskild filialrekneskap som oppfyller rekneskapslova sine krav, og som berre omfattar føretaket si verksemd i Noreg. Rekneskapslova er likevel prinsippbasert. Dette inneber at om dokumenta som er utarbeidde, reviderte og offentleggjorde etter lovgivinga i heimstaten til det norskregistrerte utanlandske føretaket berre gjeld verksemda i den norske filialen, og dessutan oppfyller krava som er fastsette i og i medhald av norsk lov, vil innsending av desse dokumenta vere tilstrekkelege til fullt ut å oppfylle rekneskaps- og revisjonsplikta det norskregistrerte utanlandske føretaket har i Noreg. Dette vil kunne vere tilfellet om føretaket som heilskap berre driv verksemd i Noreg, og lovgivinga i heimstaten tillèt at det blir utarbeidd rekneskap som fullt ut oppfyller krava etter den norske rekneskapslova. I så fall skal ein saman med årsrekneskapen legge ved orientering om at dette er tilfelle. Føretak som driv verksemd både i Noreg og i utlandet vil normalt måtte lage ein særskild filialrekneskap, uavhengig av om rekneskapen for føretaket som heilskap blir laga i samsvar med rekneskapslova.

For at årsrekneskapen til hovudføretaket, utarbeidd, revidert og offentleggjort etter lovgivinga i heimstaten, skal kunne oppfylle rekneskapslova sine krav, må det i note til årsrekneskapen særskild vere opplyst om at det er utarbeidd i samsvar med prinsippa som følgjer av rekneskapslova og god rekneskapsskikk i Noreg4. For at revisjonsmeldinga til årsrekneskapen for føretaket, utarbeidd på grunnlag av ein revisjon etter lovgivinga i heimstaten, skal kunne oppfylle revisorlova sine krav, må han oppfylle krava etter revisorlova § 5-6, medrekna ei særskild fråsegn frå revisor om:

  • At årsrekneskapen er utarbeidd og fastsett i samsvar med lover og forskrifter som gjeld i Noreg,
  • At leiinga i føretaket har oppfylt plikta si, etter bokføringslova og forskrifter fastsette i medhald av bokføringslova, til å sørge for ordentleg og oversiktleg registrering og dokumentasjon av rekneskapsopplysingar,
  • At opplysingar i årsmeldinga, føresetnaden om framleis drift og forslag til bruk av overskot eller dekning av tap, er i samsvar med norske lover og forskrifter, og om at opplysingane er i samsvar med årsrekneskapen5.

At innsending av desse dokumenta vil vere tilstrekkeleg til fullt ut å oppfylle det norskregistrerte utanlandske føretaket si rekneskaps- og revisjonsplikt i Noreg, inneber at det norskregistrerte utanlandske føretaket i slike tilfelle ikkje i tillegg vil måtte utarbeide og sende inn eige særskild filialrekneskap, filialårsmelding og revisjonsmelding for verksemda i den norske filialen. Organet som etter lovgivinga i heimstaten fastset årsrekneskapen har ansvaret for at dei innsende dokumenta oppfyller krava som gjeld etter norske lover og forskrifter. Som nemnd vil det for revisjonspliktige føretak i tillegg gjelde krav om at det i revisor si melding må vere ei stadfesting på at dei innsende dokumenta oppfyller krava etter norske lover og forskrifter.

Revisorlova er ikkje til hinder for at ein særskild filialrekneskap kan reviderast av den same revisoren som reviderer føretaket sin årsrekneskap etter lovgivinga i heimstaten, dersom denne revisoren har tilgjenge til å ta på seg revisjonsoppdrag i Noreg. Ved revisjon av filialrekneskapen vil revisor måtte gjennomføre dei revisjonshandlingane som er nødvendige for å kunne levere ei revisjonsmelding som oppfyller krava etter revisorlova § 5-6. Dersom revisor gjennom revisjonen av årsrekneskapen til føretaket etter lovgivinga i heimstaten har oppnådd tilstrekkeleg sikkerheit til å kunne levere fråsegn om dei forholda som revisorlova § 5-6 krev, treng ikkje revisor å måtte gjennomføre ytterlegare revisjonshandlingar som ledd i revisjonen av filialrekneskapen.

1. Jf. regnskapslova § 1-2 første ledd nr. 13.
2. Jf. regnskapslova § 8-2 anna ledd.
3. Jf. regnskapslova § 3-1 første ledd.
4. Jf. regnskapslova § 7-2.
5. Jf. revisorlova § 5-6 fjerde ledd.