Innsending av årsrekneskap for frivillige organisasjonar

Sist oppdatert: 31. januar 2017 .

Foreiningar som er registrerte i Frivilligregisteret, som ikkje har ordinær rekneskapsplikt, men har teke på seg plikt til å rapportere rekneskapsopplysingar til Rekneskapsregisteret, skal sende inn årsrekneskapen.

Årsrekneskapen skal innehalde

  • aktivitetsrekneskap
  • balanse
  • noteopplysningar
  • årsmelding

Du sender inn årsrekneskapet på eige skjema i Altinn.

Fristen for å sende inn rekneskapen er

  • 30. september for årsrekneskap med rekneskapsår som sluttar i perioden 01.07. – 31.12
  • 31. mars for årsrekneskap med rekneskapsår som sluttar i perioden 01.01 – 30.06.

Foreininger som ikkje oppfyller innsendingsplikta, vil bli fulgt opp av Frivilligregisteret.