Avvikande rekneskapsår

Sist oppdatert: 9. mars 2018 .

Når årsrekneskap sluttar på annan dato enn 31. desember, blir det kalla for avvikande rekneskapsår.

Kven kan nytte avvikande rekneskapsår?

Dei som kan nytte avvikande rekneskapsår er

  • filialar og dotterselskap av utanlandske føretak, for å ha same rekneskapsår som det utanlandske hovudføretaket
  • einingar som driv sesongmessig verksemd, dersom dette aukar informasjonsverdien til årsrekneskapen

Andre einingar må søke Skattedirektoratet om dispensasjon for å ha avvikande rekneskapsår.

For årsrekneskap med rekneskapsår som blir avslutta i perioden 01.01. – 30.06. er siste frist for innsending til Rekneskapsregisteret 31.01. i følgande år.

Avvikande rekneskapsår bør meldast skriftleg til Rekneskapsregisteret i kontaktskjemaet vårt.