Innsendingsplikt til Rekneskapsregisteret

Sist oppdatert: 6. april 2017.

Alle einingar med rekneskapsplikt har plikt til å sende årsrekneskap til Rekneskapsregisteret seinast ein månad etter at han er godkjend.

Hovudregelen er at rekneskapsåret følger kalenderåret.

Innsendingsplikta gjeld frå stiftelsesdato, sjølv om det ikkje har vore drift.

Først når de har sendt inn melding om sletting, og Føretaksregisteret/Einingsregisteret har registrert sletting av eininga, opphøyrer innsendingsplikta.