Innsendingsplikt for indre selskap

Sist oppdatert: 9. april 2018 .

For indre selskap gjeld eigne reglar for innsending av årsrekneskap.

Indre selskap kan ikkje registrere seg i Einingsregisteret og har ikkje eige organisasjonsnummer. Du kan derfor ikkje bruke Altinn til å sende inn årsrekneskap.

Indre selskap er rekneskapspliktig på grunnlag av organisasjonsform dersom eitt av følgande vilkår er oppfylt:

  • har salsinntekter over 5 mill kr
  • har 5 eller fliere årsverk (gjennomsnitt gjennom året)
  • har 6 eller fleire deltakarar
  • ein av deltakarane er ein juridisk person med avgrensa ansvar (eksempelvis AS, ASA, BA, SA, SF, BBL og BRL)

Indre selskap må sende årsrekneskap på firmapost@brreg.no til Rekneskapsregisteret. Du må legge ved:

For å få eit blankt følgeskriv, må du bruke organisasjonsnummer 999 999 999. Internt ID-nummer som blir brukt til rapportering til Skatteetaten kan du ikkje bruke som organisasjonsnummer hos Brønnøysundregistera.