Søknad om ettergiving

Sist oppdatert: 30. august 2018 .

Du kan søke om ettergiving av forseinkingsgebyret etter at det har slutta å løpe, men du kan ikkje klage på gebyret eller avvise det.

Rekneskapsregisteret kan berre ettergi forseinkingsgebyret dersom du sannsynleggjer at du ikkje har overhalde innsendingsplikta på grunn av forhold som ligg utanfor din kontroll eller om det finst særlege rimelegheitsgrunnar for å ettergi gebyret.

Søknaden må vere skriftleg og årsakene som de legg til grunn for søknaden må dokumenterast.

Du sender søknaden til:

Rekneskapsregisteret
Postboks 900
8910 Brønnøysund

De kan også sende søknaden til e-postadressa vår eller via kontaktskjemaet vårt.

Eksempel på forhold som ikkje gir grunnlag for ettergiving er

  • vankunne om gjeldande lover og reglar
  • alder
  • sjukdom hos ein av fleire solidaransvarlege
  • når styrevervet er ein formalitet
  • manglande mottak av påminning om innsending av årsrekneskap
  • lita eller inga drift
  • at eininga er under avvikling
  • eininga har eit velgjerande formål, blir drive på dugnad eller driv ikkje næringsverksemd
  • misforståingar og andre interne forhold mellom dykk og rekneskapsførar/revisor
  • dårleg økonomi i eininga
  • storleiken på forseinkingsgebyret

Klagerett

Dersom du får avslag på søknad om ettergiving av forseinkingsgebyret, kan du klage på vedtaket til klageinstans hos Statens innkrevjingssentral. Klagefristen er 3 veker.

Du skal sende klaga til:

Rekneskapsregisteret
Postboks 900
8910 Brønnøysund

Du kan også sende klagen til e-postadressa e-postadressa vår eller via kontaktskjemaet vårt.