Gebyrsatsane

Sist oppdatert: 4. januar 2019 .

Forseinkingsgebyret løper i maksimalt 26 veker og utgjer då 59 800 kroner.
Rettsgebyret, som for tida er på 1 150 kroner, avgjer kor stort forseinkingsgebyret blir.

Utrekninga av forseinkingsgebyret

  • Eit rettsgebyr per veke, dei første 8 vekene.
  • To rettsgebyr per veke, dei neste 10 vekene.
  • Tre rettsgebyr per veke, de siste 8 vekene.

Utrekninga startar frå første dagen etter innsendingsfristen.

Påbyrja veke blir rekna som heil veke.

Biletet viser kor mykje forseinkingsesgebyret kan kome opp i.

Du kan stoppe forseinkingsgebyret før det har gått 26 veker ved å

  • sende inn komplett årsrekneskap til Rekneskapsregisteret
  • slette selskapet i Føretaksregisteret/Einingsregisteret
  • krevje selskapet konkurs til tingretten