Forseinkingsgebyr

Sist oppdatert: 30. januar 2017.

Dersom de ikkje har sendt inn komplett årsrekneskap til Rekneskapsregisteret før fristen, vil de få forseinkingsgebyr.

Det er eininga som i første omgang har ansvar for å betale gebyret. Dersom eininga ikkje betaler, er du som medlem i styret, deltakar eller i nokre tilfelle dagleg leiar, solidarisk ansvarleg for å betale gebyret. Solidarisk ansvar betyr at fleire personar har ansvaret for å betale det same kravet, og at alle er ansvarlege for heile kravet til det er betalt.

Forseinkingsgebyret kan bli 54 548 kroner.

De kan søke om ettergiving av forseinkingsgebyret, men det er strenge retningsliner for å få ettergitt gebyr.

Det er Statens innkrevjingssentral som krev inn forseinkingsgebyret. Alle spørsmål om faktura og betaling må rettast til dei